Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Dieppe

Koordinatar:49°55′N01°05′E / 49.917°N 1.083°E /49.917; 1.083
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dieppe
Hamna i Dieppe
Hamna i Dieppe
Hamna i Dieppe
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Normandie
Seine-Maritime
Geografi
Flatevidd11,67 km²
Flatevidd
 - By

11,67 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

34 653
  2 969/km²
81 419
Koordinatar49°55′N01°05′E / 49.917°N 1.083°E /49.917; 1.083
Høgd over havet6 m
TidssoneCET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside:https://www.dieppe.fr/
Nettstad:www.mairie-dieppe.fr

Dieppe er ein by og kommune nord iFrankrike. Han ersous-préfecture (underprefektur) idepartementetSeine-Maritime iregionenNormandie. Byen har om lag 35 000 innbyggjarar, og etter ei folketeljing i 1999 hadde storbyområdet 81 419 innbyggjarar.

Byen er ein hamneby vedDen engelske kanalen, og er kjend for sinemuslingar. Frå byen går det ferjesamband tilNewhaven iEngland. Dieppe har òg ei populærgrusstrand, eit slott frå1400-talet og kyrkjene St. Jacques og St. Remy.

Dieppe høyrer til områdetPays de Caux.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Deppae 1015-1025;Deupa,Diopa : "dyp".

Byen vart først nedteikna som ein liten fiskelansby i1030, og byen vart kjempa om underHundreårskrigen. På1500-talet hadde byen ein av dei mest avanserte franske skulane innankartografi, og på1600-talet var hamna ei av dei flottaste i kongeriket. Etter atEdiktet i Nantes vart oppheva mista Dieppe 3 000hugenottar, som rømde utanlands.

Dieppe var eit viktig mål i fleire krigar, og byen vart stort sett øydelagd av engelsk-nederlandsk bombardement i1694. Byen vart bygd opp att i1696, og vart ein populær ferieby etterhertuginna av Berry, som hadde vorte enke, vitja byen i1824. Ho var svigerdotter tilKarl X av Frankrike. Ho oppfordra til bygging av eitteater,Petit-Theatre (1825).

Diepperaidet underden andre verdskrigen vart kjend som eit blodig slag, og kosta mange menn for dei allierte.19. august1942 gjekk allierte soldatar, hovudsaklegkanadiske, i land ved Dieppe med håp om å okkupere byen etter kort tid, finne etteretningsinformasjon og trekkeLuftwaffe ut i open kamp. Dei allierte tapte meir enn 1 400 menn, og 1 946 kanadiske soldatar vart fanga utan at nokre av måla vart oppnådd.

Dieppe i Canada (tidlegare Léger Corner) fekk det noverande namnet sitt i1946 for å ære dei kanadiske soldatane som fall i Diepperaidet.

Dieppe

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Dieppe&oldid=2973372»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp