Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Målføre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråDialekt)

Målføre ellerdialektar er talemålsvariantar av eitspråk, variantar som finst igeografisk åtskilde område, til skilnad fråsosiolektane, som er variantar mellom ulike sosiale grupper, ogstandardspråk, som ofte kan vere definert som ikkje-stadeige språk.

Det er ikkje noko absolutt og objektivt skilje mellom ein dialekt og eit språk, politiske tilhøve avgjer ofte om ein dialekt eller ei dialektgruppe blir forfremja til eige språk eller eit språk redusert til dialekt av eit nærskyldt språk. Deiskandinaviske språka er typiske døme på at målføre som er svært like, blir skilde ut som ulike språk.Kinesisk er eit døme på det motsette, der svært ulike dialektar som ikkje er innbyrdes forståelege, likevel vert kalla eitt språk.

Det er viktig å skilje mellom omgrepa målføre og målform.Noreg har mange dialektar, men norsk har berre to offisiellemålformer,bokmål ognynorsk.

Skiljelinjer innan språksamfunn

[endre |endre wikiteksten]

Dialektar skil seg på fleire område; i formverk (morfologi), lydverk (fonologi) og ivokabular. Døme frå norsk språk skildrar dette og det finst parallellar i språk verda over:

Grammatiske ulikskapar

[endre |endre wikiteksten]

Dialektane kan plasserast inn ulike grammatiske kategoriar. I norsk er det for eksempel kjent atbergensk ikkje har hokjønn, som i andre norske dialektar og i tillegg til dei to offisiellemålformenenynorsk ogbokmål. Nokre få dialektar iNoreg skil mellomnominativ ogdativ i substantiv, noko som ein ikkje finn i dei offisielle målformene. Å hogge av endingar,apokope, er eit anna døme på målmerke.

Fonetiske skilnader

[endre |endre wikiteksten]

Lydar og tonefall i språket kan tene som målmerke. Eksempelvis finst den såkalla tjukke l-en på Austlandet, iTrøndelag og i delar avMøre og Romsdal ogNordland.Palatalisering, slik som «hainnhuinn i bainn» er utbreidd frå nord på Austlandet og nordover. Tonefallet i språket er ofte også distinkt; medan nordlendingar avsluttar berre spørsmål med ein høgare tone, fullfører austlendingane ein vanleg frase med ein høgare tone også.

Vokabular

[endre |endre wikiteksten]

Ordforrådet kan også variere.

  • Eit fenomen eller eit objekt kan skildrast med heilt ulike termar. Eit døme er det midt- og nordnorske ordettua/tuå/tue, som tyderklut.
  • Eit ord kan vere ein variasjon av det same ordet, slik som ordetask, som tyder eske påToten oginnlandet.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Målføre&oldid=2805779»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp