Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Diabetes mellitus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert fråDiabetes)

Diabetes mellitus, tidlegare kallasukkersjuke nodiabetes, er ein sjukdom som kjem av atbukspyttkjertelen (pancreas) ikkje produsererinsulin (diabetes mellitus type 1), eller atorganismen på grunn avinsulinresistens ikkje nyttiggjer seg insulinet på normal måte (diabetes mellitus type 2). Type 1 opptrer oftast hos unge, medan type 2 er mest vanleg hos eldre ogovervektige. Type 2 vart ofte tidlegare kalla «gammalmannsdiabetes», men i dei seinare åra er gjennomsnittsalderen hos dei som får den gått betydeleg ned, og den vert no ofte rekna som einlivsstilssjukdom.

Diabetes mellitus type 2 kan opptre i alle aldrar, men er som nemnt mest vanleg hos eldre. I tillegg har ein dei seinare åra vorte klar over at særskildeinnvandrargrupper har ein aukarisiko for å utvikla type 2 diabetes. Dette gjeld særleg grupper med opphav fråAsia ogAfrika som buset seg i den vestlege verda og tek etter livsførsla der.

Symptom

[endre |endre wikiteksten]

Svært mangediabetikarar (av type 2) går lenge førdiagnosen vert stilt, fordisymptoma hos vaksne sjeldan vertakutte før etter lang tid. Hos born og ungdom kan sjukdommen gjerne starta akutt (type1). Vanlege symptom på diabetes mellitus er tørste, aukaurinutskiljing, kløe ihuda og islimhinnene, særleg kringkjønnsorgana, etter kvart nummenhet og nedsett kjensle (sensibilitet) i legger og føter, utskiljing aveggekvite (protein,albumin) i urinen, svekka syn og generelt nedsettalmentilstand. Dette skuldast for høgtblodsukkernivå. I seinare år har det vorte ført kampanjar for å få så mange som råd til å testablodsukkernivået sitt regelmessig, anten sjølve ved hjelp av eit enkelt måleapparat eller hoslækjar.

Over tid kan feil eller utilstrekkeleg behandling føra til seinskader. Dette kan visa seg i form av auka tendens tilinfeksjonar, nedsett blodsirkulasjon i store blodkar (makrosirkulasjon), t.d. i beina,hovudpulsåra (aorta),arterier i hjarte og hjerne; og i små blodkar (mikrosirkulasjon), t.d. iaugebotnen ognyrene. Kroppsleg kan dette gi seg utslag som sårdanning, infeksjonar ellerkoldbrann (gangren) i beina, i somme tilfelle medamputasjon som følgje. (Diabetiske gangren er den viktigaste årsaka til amputasjon på beina i Noreg.) Det kan også føra til nedsettsyn eller blindheit,nyreskade ellerereksjonssvikt, alt dette som ei følgje av dårlegblodsirkulasjon og/ellernerveskade på grunn av høgt blodsukker og høgefeittverdiar i blodet.

Det metabolske syndromet

[endre |endre wikiteksten]

Det viser seg hos svært mange diabetikarar at det ikkje berre er sukkeret ein må ta omsyn til. I tillegg til vanskane med sukkerstoffskiftet har ein stor del av dei også for høge nivå av feittstoff (lipidar) i blodet, t.d.kolesterol ogtriglyceridar. Ein tredje faktor idet metabolske syndromet er for høgtblodtrykk. Alt dette er det viktig å kontrollera og om naudsynt behandla for at risikoen for seinare sjukdomskomplikasjonar kan minskast.

Insulineffekt

[endre |endre wikiteksten]

Insulinet trengst for at kroppsveva skal kunna gjera seg nytte avsukkeret i blodet. Hos ein diabetiker vert ikkje sukkeret forbrukt på vanleg måte eller lagra ilevra ogmuskulaturen som hos friske, men hopar seg opp i blodet og vert etter kvart utskilt iurinen.

Meistring av tilstanden

[endre |endre wikiteksten]

Det er viktig å halda sukkermengda i blodet på rett nivå. Vert den for låg (hypoglykemi) pga. for mykje insulin, aukafysisk aktivitet eller for lite tilførtekarbohydrat, kan diabetikaren verta slapp, ta til åsveitta, fåangst,svoltkjensle, synsforandringar, verta omtåka eller i verste fallmedvitslaus, ein tilstand som ofte vert kalla «insulinsjokk», også når det gjeld diabetikarar som ikkje får insulinbehandling, men som vert behandla t.d. medtablettar. Lettare tilfelle av denne tilstanden vert ofte på folkemunne kalla «føling». Dette kan bøtast på ved at pasienten et nokre sukkerbitar, drikk sukkerhaldig veske eller liknande. Vert blodsukkeret for høgt (hyperglykemi) pga. insulinmangel, kan diabetikaren også mista medvitet. Tilstanden vert gjerne kalla «sukkerslag», den medisinske nemninga erdiabetisk koma ellerhyperglykemisk koma. Her er behandlinga å gi insulin.

Behandling

[endre |endre wikiteksten]

Sjukdommen kan ikkje lækjast, men med rett behandling kan symptoma og skadeverknadane reduserast.

Moderne glucometer for måling av blodsukkernivå. Teststrimmelen der ein bloddrope skal plasserast, synest så vidt øvst i apparatet til høgre. Apparat med nål for hudpunktur til venstre.

Diabetes mellitus type 1 vert no oftast behandla medsyntetisk insulin, som vert injisert subkutant (under huda) på magen eller låret. Tidlegare brukte ein gjernesvineinsulin ellerbovint insulin (fråstorfe), men no for tida ser ein mykje betre resultat med den syntetiske forma. Insulin finst i to hovudtypar, snøggverkande og langtidsverkande. Der er på marknaden fleire insulinpreparat som inneheld ei blanding av dei to og som gir snøgg verknad etter injeksjonen ved den snøggverkandekomponenten og verknad utover dagen ved den langtidsverkande. Dei fleste diabetikarar som vert insulinbehandla må setja fleire injeksjonar på seg sjølve kvart døgn.

Diabetes mellitus type 2 prøver ein først å behandla medkostforandringar,mosjon ogvektreduksjon der dette synest føremålstenleg («livsstilsendring»). Dersom dette ikkje fører til målet vert neste steg i behandlinga å gi tabletter i tillegg. Tablettene aukar enten insulinproduksjonen eller gjer kroppen meir kjenslevar for insulin. Ved behov brukar ein også her insulin.

Ved båe typar diabetes mellitus er fornuftig kosthald ein viktig del av behandlinga. Tidlegare tiders rigide opplegg med teljing av brødskiver og oppveging av det meste av maten er ein heldigvis gått bort frå. I dag ønskjer ein at diabetikarane sjølve i så stor grad som råd tek hand om si eiga behandling og kontroll av sjukdommen. Takk vere ein kombinasjon av godt og enkelt måleutstyr for eiga prøvetaking av blodsukker, betre verknad av syntetisk insulin, og eit ganske godt system for innhaldsmerking avmatvarer, er det vorte svært mykje enklare å bruka vanlege matvarer. Det som vert tilråda som «diabetikarmat» i dag er regelrett sunn mat, «husmannskost», gjernefiberhaldig, utan mykjesukker, finmale (kvitt)mjøl ogfeitt.

Ein optimalt behandla diabetikar med motivasjon for eigen innsats og god kunnskap om sin eigen tilstand og dei ulike behandlingsformene kan seiast å leva eit tilnærma normalt liv. Mange diabetikarar har stor nytte og glede av medlemsskap i diabetikarlag lokalt i sitt nærmiljø, og dei vert gjerne oppmoda om å melda seg inn i eit slikt.

Sjå òg

[endre |endre wikiteksten]
Bruk aldri helseinformasjon frå Internett, medrekna Wikipedia, utan å rådspørja helsepersonell.

Informasjon på Wikipedia er ikkje naudsynlegvis sann, presis eller oppdatert. Hugs at Wikipedia er eit nettbasert leksikon som alle kan endre. Wikipedia er ikkje eit alternativ til profesjonell helsehjelp. Viss du treng medisinsk hjelp, venlegst ring ditt lokalenødnummer, eller rådfør deg med helsepersonell (lege, sjukepleiar, osb.).

SjåWikipedia:Helsemessige forhold for meir informasjon.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Diabetes_mellitus&oldid=3400307»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp