Det kyrilliske alfabetet er eit skriftsystem som vert brukt til å skriva mange språk fråAust-Europa ogAsia. Dei fleste språka som vert skrive med det kyrilliske alfabetet har små variasjonar i kva skriftteikn som vert brukt, for å tilpassa alfabetet til språklydane i språka. Den vanlegaste varianten erdet russiske alfabetet, som vert brukt for å skrivarussisk. Det kyrilliske alfabetet vert òg brukt til fleire språk i land som tidlegare var del avSovjetunionen, til dømesukrainsk ogkviterussisk. Dei fleste minoritetsspråka iRussland, til dømestsjuvansk,komi ogtsjetsjensk, vert òg skrivne med eigne variantar av det kyrilliske alfabetet. Utanfor den tidlegareSovjetunionen vert det kyrilliske alfabetet brukt iserbisk,bulgarsk,makedonsk ogmongolsk. Enkelte språk som i sovjet-tida vart skrivne med det kyrilliske alfabetet har i den siste tida skifta tildet latinske alfabetet, til dømesaserbajdsjansk.
Det kyrilliske alfabetet byggjer på detgreske. Dei russiske ogukrainske variantane er sette saman av 33 bokstavar, denkviterussiske av berre 32, og dentsjuvanske varianten har 37 bokstavar.
Alfabetet er oppkalla etter apostelenKyrillos, som levde på800-talet. Modernerussisk (storrussisk) vart konstruert på byrjinga av 1800-talet og byggjer påkyrkjeslavisk ogdet glagolittiske alfabetet, som framleis vert brukt iden russisk-ortodokse kyrkja.
Kyrillos (827-869) ogMethodios (826-885) var to bysantinske brør som var apostlar blantslavarane. Dei brukteslavisk som kyrkjespråk og omsetteBibelen til slavisk. Begge brukte sannsynlegvis både glagolittisk og kyrillisk.