| Det italienske sosialistpartiet | |||
| Land | Italia | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | Filippo Turati | ||
| Grunnlagt | 14. august 1892 | ||
| Nedlagt | 12. november 1994 | ||
| Hovudkvarter | Roma | ||
| Medlemstal | 674 057(1991) | ||
| Ideologi | sosialisme,sosialdemokrati,Liberal sosialisme | ||
Det italienske sosialistpartiet Partito Socialista Italiano (PSI) blei danna iGenova i1892. Første leiaren varFilippo Turati.
Fleirtalet i partiet varanti-militaristar, noko som kom tydeleg til syne under krigen motLibya i1911 og daførste verdskrigen braut ut i1914.Italia gjekk med i krigen i mai1915, men PSI støtta ikkje krigføringa. Dette til skilnad frå fleirtalet i mange andresosialistiske ogsosialdemokratiske parti.
Perioden etter våpenkvila i1918 var kjenneteikna av sterk sosial misnøye, som nådde høgdepunktet under fabrikkokkupasjonane i september1920. PSI stod sterkt, og var hovudfienden tilfascistane.
Sosialistane blei i denne tida utsett for brutal terror frå fascistisk hald, også førBenito Mussolini blei regjeringssjef i eiborgarleg koalisjonsregjering i1922. I1924 blei den parlamentariske leiaren for sosialistane,Giacomo Matteotti, myrda. Da Italia blei ein fascistisk eittpartistat i1927, blei sosialistpartiet heilt forbode, og måtte halde fram verksemda si illegalt og i eksil.
På 1920-talet blei elles partiet splitta to gonger. I1921 braut einkommunistisk fløy ut og skipaDet italienske kommunistpartiet PCI. Året etter braut høgrefløya ut og skipa sitt eige parti. PSI heldt fram som det største, med eivenstresosialistisk linje, til det blei heilt undertrykt av fascistane.
Etter krigen tok PSI opp att verksemda si, framleis med ein venstresosialistisk politikk. Men no var kommunistane i PCI blitt det største partiet påvenstresida, takka vere ein særs aktiv innsats i den anti-fascistiskepartisanrørsla. I etterkrigstida har PSI delvis samarbeidd med og samtidig konkurrert med kommunistane i PCI, og frå 1960-talet samarbeidde dei også med borgarlege parti somkristelegdemokratane DC. Den sentrale politikaren i PSI i etterkrigstida fram til slutten av 1970-talet, varPietro Nenni.
På 1980-talet leiddeBettino Craxi PSI. Han la vekt på å skape avstand til kommunistane og å bringe PSI næraresentrums- oghøgrepartia. Som statsminister i samarbeidsregjeringar med dei borgarlege kunne han ta æra for sterkøkonomisk vekst, men må samtidig ta skulda for ein sterk auke i statsgjelda.
Først på 1990-talet blei det meste i italiensk politikk endra. Craxi og andre i PSI under hans leiing blei tatt forkorrupsjon, det same gjaldt mange i det kristelegdemokratiske DC. Oppslutninga om PSI forsvann praktisk tala heilt, og Craxi rømte tilTunisia i1994. Ein av Craxi sine venner i denne perioden var elles noverande statsministerSilvio Berlusconi.
PSI gjekk i oppløysing. Nokre av Craxi sine støttespelarar i partiet gjekk sidan til Berlusconi sin høgreallianse, andre tidlegare PSI-tilhengarar støttar sentrum-venstrealliansen.
Hovudsakleg artikkelenPartito Socialista Italiano på den tyskspråklege wikipediaen, og E. H. Carr:The Bolshevik Revolution, bind 3, Penguin Books, 1977, ISBN 0 14 02.0751 1.