Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Det endokrine systemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei viktigaste endokrine kjertlane imann til venstre ogkvinne til høgre.)1.Epifysen2.Hypofysen3.Skjoldbruskkjertelen4.Thymus5.Binyrene6.Bukspyttkjertelen7.Eggstokkane8.Testiklane

Det endokrine systemet styrerhormonproduksjonen i kroppen, og omfattar mellom anna kjertlar og vev ihjernen (hypofysen ogepifysen), i halsen (skjoldbruskkjertelen), i magen (nyrer ogbukspyttkjertel) og i underlivet (eggstokkar ogtestiklar). Systemet blir også kallaDet indresekretoriske systemet.

Det endokrine systemet er eit av dei to indre kommunikasjonssystema i kroppen, saman mednervesystemet. Dei to blir bundne saman av den delen av hjernen som blir kallahypothalamus. I hypofysen, også i hjernen, blir det danna fleire hormon som verkar på ulike hormonproduserande kjertlar, ofte for å stimulera hormonproduksjonen i desse kjertlane.

Ved hjelp av slikeendokrine kjertlar blir det danna hormon som så blir sende medblodet til alle delar av kroppen. Slik blir det sendt informasjon til dei ulikecellene i kroppen slik at dei heile tida kan tilpassa sitt aktivitetsnivå til kva kroppen treng.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Spire
Denneanatomiartikkelen er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Det_endokrine_systemet&oldid=3371847»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp