* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Dennis Nicolaas Maria Bergkamp (fødd 10. mai1969) er einnederlandsk tidlegare fotballspelar fråAmsterdam som hadde stor suksess med klubbaneAjax ogArsenal FC.FIFA kåra han to gongar til ein av verdas tre beste fotballspelarar. Bergkamp var midtspiss i Ajax. I Arsenal var han indreløpar fram til han runda 30 år, sidan mest playmaker på midtbana.
Bergkamp fekk sin Ajax-debut i desember 1986. Fem månader seinare var han innbytar då Ajax vann finalen icupvinnarcupen 1987 med 1-0 motLokomotive Leipzig. I tida 1990-93 vart han nederlandsk seriemeister, UEFA-cupvinnar og nasjonal cupvinnar med den nederlandske toppklubben. Sommaren 1993 vart han overført til italienskeInter Milan. Sjølv om Bergkamp våren 1994 vann sin andreUEFA-pokal, stagnerte han spelemessig. Dermed vart Arsenal FC hans neste klubb frå juni 1995. Gjennom dei neste 11 sesongane bidrog Bergkamp sterkt til atLondon-klubben i den perioden kjempa jamt medManchester United om å hanke heim dei største pokalane i engelsk fotball. Bergkamp vann tre ligatitlar og fire nasjonale FA-pokalar med Arsenal. Han la opp våren 2006.
Bergkamp spelte 79 kampar for Nederland sitt landslag. Han debuterte i september 1990 mot Italia iPalermo. Nær ti år seinare, den 29. juni 2000 i fødebyen Amsterdam, spelte han sin siste landskamp mot nettopp Italia. Semifinalekampen underFotball-EM 2000 enda mållaus, før Italia vann straffeskytinga. Bergkamp deltok i tre europameisterskap; 1992, 1996 og 2000, og verdsmeisterskapane1994 og 1998. Han skåra heile 37 landslagsmål. Særleg vert han hugsa for målet som avgjorde kvartfinalekampen motArgentina underVM 1998.