Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Den lille havfrue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den lille havfrue
Land Danmark
Kart
Den lille havfrue
55°41′34″N12°35′57″E /55.69286°N 12.59926°E /55.69286; 12.59926
Wikimedia Commons:Statue of the Little Mermaid (Copenhagen)

Den lille Havfrue er ein vidgjetenskulptur ibronse av ei sittande nake kvinne med finnar på beina, plassert oppå ein stor naturstein i strandkanten på Langelinie («Den Lange Linie»), ei hamnestrekning på Østerbro iKøbenhavn. Skulpturen vart sett opp permanent på Langelinie 23. august 1913, og er meint å illustrere eventyretDen lille Havfrue av den danske forfattarenH.C. Andersen.

Skulpturen Den lille Havfrue var ei gåve til København by frå ølbryggjarCarl Jacobsen, og vart utforma av bilethoggarenEdvard Eriksen, som nytta kona si som modell. Arvingane til Edvard Eriksen eig no opphavsrettane til skulpturen, og har ved fleire høve kravd store skadebøter av folk som har offentleggjort fotografi og andre typar attgjevingar av skulpturen utan løyve frå dei på førehand. Arvingane har òg den originale skulpturen, som dei sel kopiar av. Det står kopiar i Solvang iCalifornia og Kimballton iIowa iSambandsstatane og iVancouver iCanada. Ifylgje dansk lov fell den eineretten som arvingane har til skulpturen vekk når Edvard Eriksen har vore død i 70 år; det vil seie i 2029.Ved fleire høve har det vore gjort skade på Den lille Havfrue på Langelinie, både ved måling og anna tilgrising, og til og med ved at delar av skulpturen har vorte skore av og fjerna. Hovudet vart kutta av i 1964, og korkje hovudet eller dei som stod attom illgjerninga er funne. Eit nytt hovud vart seinare utforma på grunnlag av to eksemplar i gips som finst av statuen.

Biletkunstnaren og diktarenJørgen Nash påstod at han kjende skadevoldaren, men nekta å avsløre kven det var. I 1997 skildra han i bokaEn havfruemorder krydser sit spor korleis han sjølv hadde kasta hovudet av havfrua i ei myr, Utterslev Mose, utan at han etter dette vart trudd og straffa.

Armen som havfrua støttar seg på, vart kutta av 22. juli 1984. Skadevoldarane melde seg eit par dagar seinare og hadde med seg armen, som kjapt kunne setjast på att. Dei måtte ut med ei stor skadebot for å dekkje kostnadene ved reparasjonen.

Hovudet på havfrua vart kutta av att enno ein gong ei natt i 1988 av folk som om morgonen kontakta ein yrkesfotograf over telefon om skadeverket. Etter fyrst å ha fotografert den hovudlause statuen, som han seinare gjorde gode pengar på ved å selje fotografia til interesserte, varsla han politiet. Fotografen vart arrestert og sikta for å ha stått for skadeverket sjølv, men lauslaten etter to veker. Ikkje før i november 1998 vart saka mot han og to andre formelt lagt vekk.

Ved alle reparasjonane av statuen har bronsestøyparane hatt god nytte av dei to eksemplara i gips av havfrua.

Frå 1. mai til 31. oktober 2010 var havfrua stilt ut i den danske paviljongen på verdsutstillingaWorld EXPO iKina.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Den_lille_havfrue&oldid=3442090»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp