Karolingisk minuskel oppstod under den karolingiske renessansen.
Den karolingiske renessansen er den vanlege nemninga på eit viktig kulturpolitisk straumdrag som voks fram i styringstida tilKarl den store og sonen hans,Ludvig den fromme. Sentrale i denne rørsla var mellom andreAlcuin av York ogPaulus Diaconus, som var historikar for Karl. Rørsla vann fram i ein periode med relativ fred og gode utanrikspolitiske kontaktar, mellom anna medBysants. I denne tida voksOrganum-stilen fram, det vart skrivne lærebøker imusikk og andre vitskapar, og dei førsteuniversiteta kom til. Ved hoffet til Karl vart det utvikla ein ny typeskrift,karolingisk minuskel, som er opphavet til moderne små bokstavar.Mellomalderlatin vart og utvikla på grunnlag av den klassiskelatinen, til bruk ved nye lærestader.
Tida er kalla «renessanse» av di mange freista å vekkje oppatt ånda fråromarriket, sidan Karl var krona tilkeisar i800. I denne tida freista Karl å gje ein felles europeisk grunnkultur, særleg gjennom arbeidet med standardreportoaret tilgregoriansk song. Soleis kan vestleg musikk (ellerklassisk musikk), rekne den karolingiske renessansen som opphavspunktet for si seinare utvikling. Den karolingiske renessansen er høgdepunktet for den frankiske hoffkulturen i mellomalderen.