Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Den gregorianske kalenderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Førstesdia til pavebullenInter gravissimas, som innførte den gregorianske kalenderen.

Den gregorianske kalenderen er einkalender som vart innført avpave Gregor XIII i1582 i dei katolske landa. Han er den mest brukte kalenderen internasjonalt,[1] og vert mellom anna brukt iNoreg.

Den gregorianske kalenderen blei innført gjennom ein pavebulle frå 24. februar 1582.Denne kalenderen erstattaden julianske kalenderen somJulius Cæsar innførte i år45 f.Kr. Den gregorianske skulle korrigere skeivskapen i den julianske kalenderen, som i løpet avåra hadde gjort at ingen avmånadane samsvarte med årstidene lenger. Den julianske kalenderen var 0,0078 døgn lengre enn det tropiske året som årstidene følgjer, eller 11 minutt og 14 sekund. Eit tropisk år varar i røynda 365,24219878 døgn.

Den gregorianske kalenderen har derfor 365dagar, plussskotår kvart 4. år, bortsett frå år som er delelege på 100. År som er delelege på 400 er likevel skotår.

Det vil seie at år1996 er skotår,2000 er skotår,2004 er skotår, men2100 er ikkje skotår. Dette gjev ei årslengd på 365,2425, noko som gjev eit avvik frå det tropiske året på berre 3 dagar per 10.000 år.

IDanmark og Noreg vart den julianske kalenderen brukt fram tilsøndag18. februar1700. Då «hoppa» kalenderen tilmåndag1. mars, som var fyrste dato etter at den gregorianske kalenderen var innført.

Romerkyrkja lét torsdag4. oktober gå over til fredag15. oktober.

Island ogFærøyane vart den nye kalenderen innført litt seinare, med atlaurdag16. november vart følgd avsøndag28. november.

Sverige (og derforFinland) òg freista ein gradvis overgang. Planen deira var å utelata skotårsdagen i år1700, deretter 7 dagar i november, deretter droppa skotårsdagen i1704,1708 og1712. Dei gjennomførte det fyrste draget, men så vart det heile gløymt. KongKarl XII av Sverige måtte difor i1711 gjenopptaka arbeidet med å få orden på den svenske kalenderen. I 1712 gjekk svenskane attende til den julianske kalenderen, med å ha 30 dagar i februar. Fyrst i1753 gjekk dei over til den gregorianske kalenderen, med å hoppe frå17. februar til1. mars.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Månadene i den vestlege kalenderen
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Den_gregorianske_kalenderen&oldid=3521103»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp