| Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina | |||
| Land | Staten Palestina | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | Nayef Hawatmeh | ||
| Grunnleggjarar | Nayef Hawatmeh | ||
| Grunnlagt | 1969 | ||
| Ideologi | marxisme-leninisme-maoisme, palestinsk nasjonalisme, antisionisme, arabisk nasjonalisme,kommunisme, antiimperialisme, sekularisme | ||
| Politisk posisjon | venstreekstremisme | ||
Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina (DFLP) er einpalestinsk politisk og militær organisasjon. Han bygde før påkommunismen, men er no meir allmentsosialistisk. DFLP vart skipa i 1969, som ei utbrytargruppe fråPFLP. DFLP er med iPLO.
DFLP er først og fremst aktiv mellom palestinarar iSyria ogLibanon, men har òg eit visst nærvær påVestbreidda og iGaza.
Målet til organisasjonen har vore å opprette ein fellesdemokratisk stat for palestinarar ogjødar, men dei har godteke forhandlingar medIsrael om ei tostats-løysing, og seier ein felles stat er meir ein «visjon» for ei fjernare framtid.
DFLP har ei væpna grein, men har sidan 1970-talet teke avstand frå åtak på sivile, og berre gjort operasjonar mot soldatar på okkupert område. Sjølvmordsbombing og åtak inne i sjølve Israel tek dei sterkt avstand frå.
Ved valet i 2006 gjekk dei saman medDet palestinske folkepartiet ogFIDA ivenstrealliansenAlternativet (al-Badeel).