Den Kongelige Ballet | |||
Det Kongelige Teater iKøbenhavn, der Den Kongelige Ballet held til. | |||
Skipa | 1748 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Det Kongelige Teater | ||
Nettstad | http://kglteater.dk ![]() |
Den Kongelige Ballet er eit internasjonalt anerkjent klassiskballettkompani med base iDet Kongelige Teater iKøbenhavn. Det er eit av dei eldste ballettkompania i verda, og stammar frå1748, då Det Kongelige Teater blei stifta.
Balletten blei endeleg organisert i1771 som ein reaksjon på den store populariteten som fanst forfranske ogitalienskedansestilar. Det Kongelige Teater har tent som heimstad forballetten sidan han blei skipa. Det Kongeligee Teaters Ballettskole blei grunnlagd i 1771 av den franskeHofdansemesterPierre Laurent. Skulen blei vidareutvikla av den italienske ballettmeisterenVincenzo Galeotti ogAugust Bournonville skipa den romantiske Bournonville-tradisjonen til kompaniet.
Frå byrjinga tilsette Den Kongelige Ballet nokre av dei leiande franske og italienskedansarane ogkoreografane. Det Kongeligee Teaters Ballettskole blei grunnlagd i 1771 for å levera innføddedansarar. Eit par år etter at ballettskulen var grunnlagd debuterteAnine Frølich som ein av dei fyrste.
Ein av dei tidlege ballettmeistrane,Vincenzo Galeotti, blir rekna for å vera den eigentlege grunnleggjaren av Den Kongelige Ballet. Han var ballettmeister frå 1775 fram til han døydde i 1816, og innførteballett d'action og førebudde til denromantiske balletten. Vincenzo Galeotti sin ballettAmors og Ballettmesterens Luner frå 1786 er framleis ein del av repertoaret til ballettkompaniet. Dette er verdas eldste ballett som framleis blir utført med den opphavlege koreografien sin.
Ein annan viktig ballettmeister i ballettkompaniet var den danske dansarenAugust Bournonville, som er eit sentralt namn i dansk balletthistorie. Ryet til Den Kongelige Ballet internasjonale kjem fyrst og fremst av repertoaret han etterlet seg.