Prosjektet vart starta etter den omfattandeNordsjøflaumen i 1953 som kosta over 1800 menneskeliv. I prosjektet inngår fleiredemningar ogbarrièrar i dei mange elvegreinene og vikene i deltaet. Planen vart gjennomført over ein periode på om lag 40 år. Den første ferdige barrièren varStormvloedkering Hollandse IJssel som stod ferdig i1958. Den siste delen,Maeslantkering, stod ferdig i1997.
Under bygginga av dei ulike delane av prosjektet vart ny og unik teknologi teke i bruk. Spesielt gjaldt dette ved bygginga av Oosterscheldekeringen og Maeslantkeringen, som då òg fekk mykje merksemd frå utlandet.American Society of Civil Engineers utropte Deltaprosjektet til eit av dei sju moderneunderverka i verda.
Deltaprosjektet var alt på teiknebord før den store flaumen som på nederlandsk vert kalla «Watersnood» trefte landet, og den største pådrivaren var ingeniørJohan van Veen som arbeida forRijkswaterstaat. Likevel er det ikkje uvanleg at ein trur flaumen som skjedde1. februar1953 var årsaka til Deltaprosjektet. Denne flaumen kosta 1835 menneske livet, og sette store område under vatn. For å verne landet i framtida avgjorde den nederlandske regjeringa at Deltaprosjektet skulle framskundast og anlegga skulle byggast i større tempo enn tidlegare planlagt. I løpet av 25 år skulle fleire byggast, og kysten av landet ville dermed bli rundt 700 km kortare.
Deltaprosjektet vart avslutta i løpet av ein periode på omtrent førti år. DåMaeslantkeringen vart ferdigstilt i1997 var Deltaplanen samtidig avrunda. Byggverka i prosjektet er: