Kart over delstatane i Tyskland. Tala på kartet samsvarer rekkjefølgjen i tabellen nedan.
Det er 16delstatar i Tyskland, på tysk offisielt kallaLänder (land), i vanleg språkbruk oftastBundesländer (forbundsland).Delstatane er statar i statsrettsleg tyding som inngår i eit statsforbund.
Berlin ogHamburg er bystatar (Stadtstaaten). StatenBremen består av byaneBremen ogBremerhaven. Dei resterande statane vert kalla «flateland» (Flächenländer) og er delt i distrikt og kommunar.
Delstatane har eigne regjeringar, parlamenter, forfatningar og domstolar. Dei har omfattande sjølvstyre og kan på område som miljø, kultur og utdanning i vidt omfang gjennomføre deira eiga lovgiving. Val til delstatsparlamenta finn som hovudregel stad kvart fjerde år, i Bayern berre kvart femte. Den utøvande makta ligg hos delstatsregjeringane på dei fleste områda.
Delstatane er representerte iForbundsrådet (Bundesrat), som har sete iPreußisches Herrenhaus i Berlin. Det er delstatregjeringa som peikar ut delegatane til Forbundsrådet.