Delft var ein av dei leiande byane iHolland og var utstyrt med bymurar. Då Vilhelm vart skoten i 1584 avBalthazar Gerards i hallen Prinsenhof, var familien sin tradisjonelle gravplass iBreda i hendene på spanjolane. Han vart derfor gravlagd iNieuwe Kerk (Nykyrkja) og frå den tid har kongefamilien vorte gravlagd her.
I 1654 vart byen hardt råka og over 100 menneske døydde då eit krutlager med over 40 tonn krut eksploderte.