Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Delaware

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delaware
delstat
Flagg
Våpen
Land USA
HovudstadDover
Areal6 447 km²
  land5 060 km²
  vatn1 387 km²
Folketal961 939 (2017)
Folketettleik190 / km²
GuvernørJohn Carney
Før innlemmingKolonien Delaware
Innlemma i USA7. desember 1787
Statsnummer1.
ForkortingDE
Kart
Delaware
39°00′N75°30′W /39°N 75.5°W /39; -75.5
Kart som viser Delaware.
Kart som viser Delaware.
Kart som viser Delaware.
Wikimedia Commons:Delaware
Nettstad:delaware.gov

Delaware er ein delstat ved austkysten avUSA. Hovudstaden erDover medan den største byen erWilmington. Delstaten var den fyrste som vart innlemma i USA. Delaware er den nest minste av delstatane i USA, etterRhode Island. Han grensar motMaryland ogPennsylvania.[1]

Brandywine Valley i Delaware.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]

Delaware utgjer den nordaustlege delen av Delmarva-halvøya som ligg mellomChesapeake Bay ogDelaware Bay. Området høyrer tilden atlantiske kystsletta, og består av ei fruktbar, flatslette som sjelden når høgare enn 20moh. Helt i nordvest hever låge åsparti seg opp til 134 moh. Delaware hartemperert klima.[1]

Kyrkja «Old Swedes» bygd i 1699 av svenske innvandrarar.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Delstaten har namn etterDelaware-elva som igjen var kalla opp etter engelskeThomas West, 3. baron De La Warr. Dette namnet blei også brukt omlenapefolka som budde nord i området. I tillegg til lenape varnanticokefolket i sør eit viktig urfolk. Dei første europeiske innvandrarane varnederlandske handelsfolk som grunnlakolonienZwaanendael i 1631.[2] Svenskar skipaNya Sverige her i 1638.

Delaware var ein av dei tretten koloniane som tok del iden amerikanske revolusjonen som førte til sjølvstende for USA. Han var den første staten som ratifiserteden amerikanske grunnloven, den 7. desember 1787, og er dermed blitt kjend som den første amerikanske delstaten eller«The First State».[3]

Næringsliv

[endre |endre wikiteksten]
Hamna i Wilmington på 1920-talet.

Delstaten er hovudsakleg ein industristat, men vel halvparten av landarealet blir nytta til jordbruk. Dei viktigaste produkta ersoyabønner,mais,asparges ogfjørfe (broilerar). Industrien er konsentrert i og omkringWilmington og omfattar mellom annaskipsverft,bilfabrikkar,kjemisk industri (Du Pont de Nemours) ogbomullsindustri.Chesapeake and Delaware-kanalen, som går gjennom nordre delen av delstaten, har stor økonomisk tyding.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. 123«Delaware» (14. februar 2009). IStore norske leksikon. Fri artikkel henta 25. april 2015.
  2. «A brief history». State of Delaware. 
  3. Sirevåg, Torbjørn.«Delawares historie» (25. november 2014). IStore norske leksikon.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Administrative einingar iUSA
Delstatar
USA
Føderalt distrikt
Oversjøiske territorium
Spire
Dennegeografiartikkelen som har medUSA å gjere, er eispire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åutvide han.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Delaware&oldid=3159935»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp