Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Deir al-Ghusun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deir al-Ghusun
دير الغصون, Deir al-Ghusoun, Dayr al-Ghusoun
kommune
Namneopphav: Kvistekosteret[1]
Land Dei palestinske territoria
GuvernementTulkarm guvernement
Koordinatar32°21′11.15″N35°04′37.08″E / 32.3530972°N 35.0769667°E /32.3530972; 35.0769667
Areal13,1 km²
Folketal 8 242  (2007)
Folketettleik629 / km²
Bystatus1997
BorgarmeisterNasuh Badran
Kart
Deir al-Ghusun
32°21′11″N35°04′37″E / 32.353097222222°N 35.076966666667°E /32.353097222222; 35.076966666667
Kart som viser Deir al-Ghusun.
Kart som viser Deir al-Ghusun.
Kart som viser Deir al-Ghusun.
Wikimedia Commons: Deir al-Ghusun
Nettstad: www.deiralghusoon.com

Deir al-Ghusun (arabiskدير الغصون) er einpalestinsk by iTulkarm guvernement, åtte kilometer nordaust for byenTulkarm nord påVestbreidda. Byen ligg nærDen grøne linja (grensa mellomIsrael ogVestbreidda). Byen hadde eit folketal på 8 242 i 2007.[2] Han ligg 200 meter over havet.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Deir el-Ghusun kan ha vore landsbyen som er markert som «El Dair» på kartet tilPierre Jacotin under invasjonen tilNapoleon i 1799.[3] På midten av 1800-talet vart han kjend for bomullsproduksjonen.[4]

I 1863, seint i denosmanske perioden, vitja den franske oppdagarenVictor Guérin landsbyen og skriv at han låg sør forAttil. Han skildra han som ein stor landsby på ei høgd.[5] I 1882 skildraPalestine Exploration Fund iSurvey of Western Palestine han som «ein landsby av moderate storleik, på ei høgd, med ein brunn i vest. I nord ligg eit ope, lågt lende. Han er omgjeve av flotte olivenlundar, som dekkjer området kring ein kilometer mot sør.»[6]

Underden arabisk-israelske krigen i 1948, vart 14 000mål teken av Israel. I dag er det totale arealet kring 13 000 mål der 2 268 er utbygd område.[7]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Palmer, 1881, s.181
  2. 2007 PCBS census.Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). s. 107.
  3. Y. Karmon (1960). «An Analysis of Jacotin's Map of Palestine».Israel Exploration Journal10 (3): 155–173. 
  4. Beshara Doumani (1995).Rediscovering Palestina: Merchants and Peasants in Jabal Nablus. Berkeley: University of California Press. 
  5. Guérin. 1875, s.345
  6. Conder og Kitchener, 1882, s.152
  7. Closing of all the local agricultural roads in Deir Al Ghusun townArkivert 2011-05-19 vedWayback Machine. Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ) and Land Research Sentral (LRC).

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Byar
Tulkarm(Dhinnaba • Irtah • Shweikhah)
Tulkarm guvernement
Det palestinske flagget
Kommunar
Landsbyar
Flyktningleirar
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Deir_al-Ghusun&oldid=3412036»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp