Deig er ein jamn masse av ingrediensar som er elta og forma. Ein bruker særleg deig tilbakst, der ein kan blanda saman ingrediensar sommjøl, feitt, væske og ulike tilsetjingsstoff. Nokre typar deig til å baka med ermørdeig,gjærdeig ogsurdeig. Etterleddet -deig kan også brukast i massar med liknande konsistens, somkjøtdeig.[1]
Mange typar deig inneheldhevemiddel, som surdeigskultur,gjær,bakepulver,natron,hjortetakksalt eller piska egg(ekvite).[2][3] Andre typar deig treng ikkje heva, til dømes fordi produkta ein lager er små eller flate.
For å få eit ferdig produkt kan ein dela opp og forma deigen og varmebehandla han gjennomsteiking påtakke, over eld eller iomn,koking ellerfrityrsteiking.