Territoriet omfattarÎle Amsterdam,Île Saint-Paul,Îles Crozet ogÎles Kerguelen sør i Indiahvet nær 43 °S, 67 °E, langs det franskekravområdet i Antarktis,Adélie Land, kalla opp etter kona til den franske polfararenJules Dumont d'Urville.
Adélie Land dekkjer kring 432 000 km² og øyane i alt 7 781 km². Ingen av områda har fast busetnad, men i 1997 var det kring 100 forskarar som budde her frå vinteren (juli) til sommaren (januar).
Île Amsterdam og Île Saint-Paul er utdøyddevulkanar. Det høgaste punktet i territoriet er Mont Ross på Îles Kerguelen på 1850 meter over havet. Det er ikkje flystripe på nokre av øyane og langs den i alt 1232 km lange kyststripa finst det ingen hamner, berre ankarplassar til sjøs.
Øyane i Indishavet får forsyningar frå spesialskipet «Marion Dufresne», som seglar ut fråLe Port påRéunion. Terre Adélie får forsyningar frå «Astrolabe», som seglar ut fråHobart påTasmania.
Territoriet inneheld den einaste landmassen som ligg direkte på andre sida av jordkloden for USA.