| Deborah Compagnoni | |
| Statsborgarskap | Italia |
| Fødd | 4. juni1970 (55 år) Bormio |
| Idrett | alpint |
| Tok del i | Alpint under Vinter-OL 1992 – Super-G kvinner,Alpint under Vinter-OL 1994 – Storslalåm kvinner,Alpint under Vinter-OL 1998 – Storslalåm kvinner,Alpint under Vinter-OL 1998 – Slalåm kvinner |
| Utmerkingar | Gullkraven for sportslig fortjenste,Gazzetta Sports Awards,Gazzetta Sports Awards,Gazzetta Sports Awards |
Deborah Compagnoni (fødd 4. juni 1970) er einitaliensk tidlegarealpinist fråBormio som vann tre OL-gull og like mange VM-gull i tida 1992-98.
Compagnoni vann sitt fyrste verdscuprenn i slutten av januar 1992, då ho sigra i eit super-G-renn i Morzine iFrankrike. Tre veker vart ho olympisk meister i same øvinga, då ho iAlbertville vann ein suveren siger, heile 1,41 sekundar føre sølvvinnarAnita Wachter fråAusterrike.
Også underOL 1994 påLillehammer vart ho olympisk gullmedaljør, men då i storslalåm. Som i Albertville vann ho ein overlegen siger, ho hadde 1,21 sekundar til gode på toarenMartina Ertl fråTyskland.
Compagnoni vart verdsmeister i storslalåm i1996 i Sierra Nevada. Året etter, underVM 1997 iSestriere, forsvarte ho storslalåmtittelen, og tok i tillegg gullmedaljen også i slalåm-tevlinga.
UnderOL 1998 iNagano vart Compagnoni olympisk meister i sitt tredje rake vinter-OL. Ho vann då gullmedaljen i storslalåm, hennar fjerde siger på rad i den øvinga i dei store meisterskapane. Dessutan sikra ho seg OL-sølv islalåm.
Compagnoni vart nummer fire iverdscupen i alpine greiner både i 1997 og 1998. I 1997 erobra ho pokalen som beste storslalåmrennar i verdscupen. Frå januar 1992 til januar 1998 vann ho i alt 16 renn i verdscupen, 13 av dei i storslalåm. Ho la opp etter 1999-sesongen.
Ho er gift forretningsmannen Alessandro Benetton.