Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Dead End Street

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dead End Street
Singel avThe Kinks
B-side

«Big Black Smoke»

Språkengelsk
Utgjeve18. november1966
Innspelt1966 i Pye Studios (No. 2),London
SjangerRock
Lengd3:22
SelskapPye7N 17222 (UK)
Reprise0540 (US)
KomponistRay Davies
TekstforfattarRay Davies
Låtskrivar(ar)Ray Davies
ProdusentShel Talmy
The Kinks-kronologi 
«Dandy»
(1966)
Dead End Street«Mister Pleasant»
(1967)


«Dead End Street» er ein song av det britiske bandetThe Kinks frå 1966, skriven av låtskrivarenRay Davies. Han vart opphavleg skrive som ein singel, men har sidan vorte gjeven ut som bonusspor på albumetFace to Face. Songen omhandlar fattigdom og elende i dei lågare klassane i det engelske samfunnet. Sonegen vart ein stor suksess i heimlandet, der han nådde femteplassen på singellista. I Noreg nådde songen sjuandeplass, medan han berre gjekk til 73. plass i USA.[1] I 1976 plasserte musikkmagasinetNew Musical Express songen på 72. plass på lista deira over dei 100 største singlane gjennom tidene.[2] Det vart laga ein musikkvideo til songen.

Medverkande

[endre |endre wikiteksten]
  • Ray Davies - solovokal, gitar
  • Dave Davies - gitar, bass, korvokal
  • John Dalton - bass, korvokal
  • Mick Avory - trommer
  • Nicky Hopkins - piano
  • Det er kjend at The Kinks hadde gått til ein pub som ofte vart vitja av studiomusikarar medan dei spelte inn «Dead End Street» og fått ein trombonist der til å spele på songen.

Andre versjonar

[endre |endre wikiteksten]

Songen har sidan vorte spelt av bandetThe Jam, og både songen og musikkvideoen inspirerteOasis-songen «The Importance of Being Idle» frå 2005.[3]

Ein norsk tekst vart skriven av Helge Grønhaug og kalla «Daudmannsvik». Denne vart spelt inn avDe musikalske dvergene ogFrode Alnæs i 2004.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Listeplasseringa i USA, arkivert fråoriginalen 6. februar 2009, henta 17. april 2009 
  2. NME Writers All time best singles
  3. http://www.allmusic.com/album/dont-believe-the-truth-r741470

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
1960-åra
1970-åra
1980-åra
1990-åra
Andre singlar (ikkje UK/US)
1966
«Dandy» (Europa)
1969
«Picture Book» (Australia)
«Australia» (Australia)
1983
«State of Confusion» (Tyskland)
1991
«Did Ya» (Europa)
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Dead_End_Street&oldid=3590683»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp