David Brown Ltd. | |||
![]() | |||
Tidlegare namn | David Brown Engineering | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1880 | ||
Land | Storbritannia | ||
Grunnleggjar(ar) | David Brown | ||
Nettstad | https://dbsantasalo.com/ |
Oppretter David Brown Ltd. var eitbritisk føretak som produsertetannhjul,girkassar ogtraktorar. Fabrikkane låg iHuddersfield iYorkshire. I Noreg er føretaket best kjend for traktorane sine.
Føretaket vart stifa som eit familieføret i 1860, og produsertetannhjul fortekstilindustrien[1]. Til å byrja med vart tannhjula laga av hardttre, men etter kvart gjekk dei over til å produsera tannhjul avmetall, fyrst og fremst avstål. Etter ei tid byrja dei å produseraverktøymaskinar for tannhjulsproduksjon. Det vart produsertlager,akslingar og komplette girkassar, som dei selda til fleire ulike kundar. Det vart òg produserttransmisjonar for ymsevåpen og forkrigsskip. I perioden 1908 til 1915 produserte føretaker ein bil medtotaktsmotor, kalla «Valveless». I 1913 stifta David Brown og Timken iUSA eitfellesføretak for å produserasnekkedrev. Ved utgangen av1. verdskrig hadde føretaket 1000 tilsette. I 1934 stifta David Brown enda eit fellesføretak saman med Richardson Gears iAustralia. Eit anna David Brown-produkt var ein transmisjon forstridsvogner.
Om lag midt på 1930-talet for David Brown (sonesonen til grunnleggaren) på ei forretningsreise tilNord-Amerika og let seg imponera av kor utbeidd bruken av traktor hadde vorte[1]. Han la òg merke til at mange av traktorane som vart selde i Storbritannia var importerte frå Nord-Amerika, og han tok til å grubla på om produksjon av traktorar i England ville vera fornuftig. Mykje av teknologien som trongst hadde føretaket erfaring med frå før og dei hadde produsert mange av komponentane i transmisjonen til prototypenThe Black Tractor som Harry Ferguson hadde utvikla. Så då Ferguson spurte om David Brown var interessert i å produsera traktoren var David Brown positive til det.
I 1936 inleidde så David Brown ogHarry Ferguson eit samarbeid for å produsera traktoren som Ferguson hadde utvikla. David Brown var ansvarleg for produksjonen og Ferguson stod for marnadsføringa avFerguson-Brown Type A. Traktoren vart produsert iMeltham, ca. 8km sør-vest for Huddersfield. Han hade ein 4-sylindrabensinmotor på 20hk, og motorane til dei 350 fyrste traktorane vart produsert avStandard Motor Company iCoventry. Mot slutten av 1939 var Standard oppteken med store statlege ordrar og fann det ikkje lønsamt å halda fram med å produsera så små seriar av motorane. Det vart då til at David Brown kjøpte støypeformene til Climax-motorane og tok over produksjonen[1].
Sjølv om traktoren var revulusjonerande, på det viset at han hadde eithydraulisktrepunktsoppheng med automatisk djupnkontroll av reiskapen[2], hadde han òg mange svakheiter. Ei av desse var at huset til girkassen var laga avaluminium, som ikkje var sterkt nok, og fleire av traktorane knakk i to. Eit anna problem var at hydraulikkpumpa til trepunktsopphenget berre fungerte når traktoren var i rørsle, så om reiskapen køyrde seg fast kunnen han ikkje løftast. Salet av Type A gjekk treigt, noko som truleg delvis kom av desse problema. Men at kjøparane laut investera i nye reiskap for å dra fordelar av trepunktsopphenget var truleg ein medverkande grunn.
David Brown ivra for å forbetra trakroren, men Harry Ferguson meinte at traktoren var bra slik han var når det fekk utvikla betrelegeringar med auka haldfastheit. Dette førte til gnissningar mellom dei, så David Brown tok til å utvikla sin eigen traktor, utan at han informerete Ferguson om det. Det er ikkje kjend om Ferguson hadde fått nyss om dette, men i 1939 inngjekk han eit samarbeid medHenry Ford, som resulterte i produksjon avFord-Ferguson 9N. Den siste Ferguson Brown-traktoren var produsert i 1939. Til saman vart det produsert berre 1350 einingar av Type A frå 1936 til 1939.
Den fyrste traktoren som David Brown konstruerte på eiga hand vart kalla VAK1, som stod for «Vehicle Agricultural Kerosene». Han vart produsert i Meltham, der produksjonen av Ferguson-Brown hadde føregått. VAK1 var ein kraftigare traktor enn Ferguson-Brown Type A. Motoren var ein 4-sylindrabensin- ellerparafin/TVO-motor med våtesylinderforingar og eieffekt på 35 hk ved 2000o/min. Girkassen hadde fire hastigneiter framover pluss revers. VAK1 var utsyrt med trepunktsoppheng, men på grunn av patenta til Ferguson var det meir primitivt enn på Ferguson-Brown Type A. Trekkstengene var parallelle, så reiskapen var ikkje sjølvsentrerande. Han hadde heller ikke automatisk djupnkontroll, ogkraftuttak var ekstrautstyr[1]. VAK1 hadde ein skjerm framom føraren som tok av for vêret.
VAK1 vart synt fram påSmithfield-utstillinga iLondon i desember 1939, og dei fekk rundt 3000 bestillingar. Men på grunn av2. verdskrig laut David Brown, som andre fabrikkar, produsera krigsutstyr. Det tok difor fleire år før dei bestilte tratorane vart leverte[1]. Det vart produsert 5300 VAK1 i perioden 1939-1945.
Då krigen var over vart ein forbetra versjon av VAK1, kalla VAK 1A, sett i produksjon. Medan VAK1 hadde rund framaksel kan VAK 1A kjennast att på at framakselen er firkanta. Motoren vart òg oppdatert, med betre smøring og ein betre hastigheitsregulator, og parafin/TVO-versjonen fekk forbetra forvarming av innsugingslufta. Det vart produsert 3500 VAK 1A i perioden 1045-1947[1].
VAK 1C var ein noko oppdatert og betre utstyrt versjon av VAK 1A. Han kan kjennast att på at skjermane over bakhjula er litt større. Motoren og girkassen var plasser litt til venstre, for at venstre bakhjul som gjekk på upløyd mark, skulle få betre grep vedpløying[1]. Han var opphavleg tilgjengeleg med bensin- og Parafin/TVO-motor, men i 1949 vart han òg tilgjengeleg med dieselmotor. Utstyr som tidlegare haddde vore ekstrautstyr vart standard, slik som kraftuttak, hydraulikk ogreimskive. I starten hadde ikkje alle versjonane lykter, eller berre ei lykt, med etter kvart vart ljos standard. Diesel-versjonen var noko betre utstyrt enn traktorar utstyrte medforgassarmotorar. Han hadde òg 12volts elektrisk anlegg, medan dei andre versjonane hadde 6 V anlegg. Ein kunne velgja mellom to girkassar, ein med fire og den andre med seks hastigheiter framover. Dieselmotorane vart godt mottekne og mange bygde om traktorane sine frå forgassar- til dieselmotor[1].
Frå 1950 til 1953 vart det produsert ein versjon kalla Super Cropmaster, med litt kraftigare motor og større hjul. Det vart produsert 5000 av desse. Mellom 1947 og 1952 vart det òg produsert ein smalare versjon, kalla Vineyard Cropmaster, mynta på vindyrkiarar. I 1951 vart det inført ein versjon kalla Prairi Cropmaster, mynta på den Nord-Amerikanske marknaden. Han hadde sidepanel på begge sider av motoren. Det vart produsert 59800 VAK 1C i perioden 1947-1853.
I starten på 1950-talet fekk David Brown hard konkuranse frå billigare traktorar. For å verta i stand til å senka prisane innførte dei enklare versjonar av Cropmaster. 25C hadde forgassarmotor med ei effekt på 31 hk og 25D hadde dieselmotor med same effekt. Dette var dei same motorane som i VAK 1C, med redusert effekt. 30D hadde forgassarmotorar på 37,5 hk og 30D hadde dieselmotorar på 34 hk. Patenta til Fergus var enda ikkje utgått, så David Brown hadde ikkje automatisk djupnkontroll. Men i 1954 innførte dei variabel løftekraft på trepunkteopphenget , som dei kalla Traction Control Unit. Reiskapar som plog laut framleis ha djupnhjul, men ved å justera løftekrafta kunne føraren aukamarktrykket og slik hindra at drivhjula spann. Det var ikkje like effektivt som djupnkontrollen til Ferguson, men likevel nyttig. Det vart produsert 24742 25C og 25D, og 16073 30C og 30D i perioden 1953-1959.
50D hadde ein 6-sylindra dieselmotor på 50 hk. Han vart rekna for å vera for stor for britiske tilhøve og dei fleste vart eksportetSør-Amerika,Sør-Afrika ogAustralia. 50D var tenkt nytta som stordragar og han hadde ikke noko slags hydraulisk system. Det vart produsert 1260 av denne modellen i perioden 1953-1959.
I siste halvdelen av 1950-talet produserte David Brown einreiskapsbærar, kalla 2D. Han hadde ein 2-sylindra dieselmotor på 14 hk, plassert attom drivhjula. Reiskapsbæraren av denne typen var ikkje like populære i Storbritannia som iTyskland, men David Brown meinte tydelegvis at det var ein marknad for dei. Dei høvde godt for lettare arbeid som radreinsking, på grunna av at føraren hadde særs god oversikt over reiskapen. At dei var lette var òg ein føremon, etter som dei ikkje trykte saman jorda like mykje som ein større traktor. Ein kuriositet ved 2D var at reispaen vart lyfta medtrykkluft i staden for hydraulikk. I motsetnad til olje vert luft komprimerast under trykk og fungerer som da som eifjør, noko som resulterer i unøyaktig kontroll av reiskapen. Det vart produsert ei rad meg ulike reiskapar for maskina. Men etter som all reiskapen var tilpassa 2D hadde han den ulempa at han ikkje kunne nyttast saman med andre traktorar eller reiskapsbærarar. 2D vart produsert i 1350 eksemplar i perioden 1956-1961.
Midst på 1950-talet tok David Brown til å oppdatera traktorane sine. Den fyrste var modell 900, som kom i 1956, og som kunne leverast med bensin-, parafin/TVA- eller dieselmotor på rundt 40 hk[3]. Girkassen hadde 6 hastigheier framover og 2 attover. Han var utstyrt med kraftuttak, og som andre trakorar på denne tida hadde hantrommelbremser. På denne tida byrja nokre av patenta til Ferguson å gå ut og David Brown 900 hadde trepunktsoppheng med triangular geometri, slik at reiskapen var sjølvsentrerande. Han skilde seg visuelt frå tidlegare modellar ved at felgane og grillen var blå. Han vart produsert frå 1956 til 1958, i 13779 eksemplar.
I 1959 vart han erstatta med 950 Implematic, som var ein oppdatert versjon som hadde automatisk djupnkontroll. Han vart produsert til 1962 i 18125 eksemplar. I 1960 kom modell 850 Implematic, som hadde litt mindre motor (35 hk). Han var i produksjon fram til 1965, i 14242 eksemplar. Model 850 Implematic var ein 800 med litt kraftigare motor (42 hk). Han vart produsert i 19207 eksemplar i perioden 1961-1965. Model 990 Implematic var ein litt større og kraftigare bygd traktor på 52 hk. Han vart produsert frå 1961 til 1965.
I 1965 kom 770 Selematic, som var ein litt mindre traktor med 33 hk. Selematic slulle indikera at hydraulikken hadde ein vendebrytar med tre stillingar: djupnregulering, posisjonskontroll eller eksternt uttak, som kunne nyttast til tippsylinderen på eintilhengar, til einfrontlastar, etc. Dette systemet vart frå då av innført på alle modellane. I 1965 bytta David Brown farger på traktorane sine slik at motoren, girkassen og bakakselen vart brune og felgane og panseret vart kvite. Samstundes var motoreffekta til 880 og 990 auka til 46 respektivt 55 hk. Girkassane vart tilgjengelege med 12 hastigheiter framover og 4 attover.
Frå 1970 kunne 990 leverast medfirehjulsdrift, og det kom etter kvart større traktorar. Modell 1200 Selematic på på 72 hk vart produsert i perioden 1967-1971 i 18990 eksemplar. Modell 1212 som vart produsert frå 1971 til 1976 var ein oppdatert versjon medsnøggir, kalla Hydrashift, som kunne skiftast i fart med full belastning utan å bruka koplingapedalen, mellom høg, mid, låg og revers. Det var motorbrema på alle hastigheiten, noko ikkje alle konkurrentane hadde då dei innførte snøggir. I 1971 vart dei andre modellane oppdaterte og fekk synkroniserte girkassar. Dei vart kalla 885, 995, 996 0g 1210 og fekk Synchromesh etter modellnummeret. Modell 1410, som vart produsert frå 1974 til 1979 haddeturboladar, så motoreffekta var på rundt 90 hk. Modell 1412 var lik med 1410, men hadde Hydrashift girkasse, som kunne girast i fart.
I 1972 vart traktorfabrikken til David Brown seld tilTenneco, Inc., som òg eigdeCase. I dei fyrste åra etter at Tenneco tok over vart traktorane framleis marknadsførete som David Brown på den Europeiske marknaden, men utsjånaden vart harmonisert med Case og brunfarga vart bytta ut med raud. I 1979 vart det innført ein ny serie kalla 90-serien, med storleikar frå 46 til over 100 hk. På slutten av 1970-talet vart traktorane utstyrte medstøydempaførarhytter, produserte av det danske føretaket Sekura. Det var om lag eit tiår etter at dei nordiske traktorprodusentaneValmet ogBM Volvo innførtevibrasjons- og støydempa førarhytter. Fleire modellar vart tilgjengelege med firehjulsdrift.
Frå 1983 vart traktorane marknadsførte som Case. I 1984 kom 94-serien, med traktorar frå 48 til 108 hk. I 1988 vart traktorfabrikken til David Brown i Meltham lagt ned og i 1998 vart resten av føretaket seld tilTextron.
Då krigen braut ut i 1939 vart det bruk for å konstruera militære flyplassar og David Brows var spurt om å produserabeltetraktorar som høvde for dette, og som så kunne nyttast for å slepa skaddejagarfly frå flystripene tilhangarane når dei landa. Oppgåva vart løyst ved å bygga ei solid ramme som beltevangane og motoren og transmisjonen frå VAK1 vart plasset i. Beltetraktoren fekk typebetegnelsen VTK (Vehicle Tracked Kerosone)[1]. Men det synte seg at beltetraktorane gjekk for seint til å henta flya når dei naudlanda, så dei vart ombygde til hjultraktorar, utstyrte med hjul avstøypejarn. Men den kraftige ramma vart framleis nytta, for at traktorane skulle veratunge nok til at hjula ikkje spann påasfalten. Med ramma og støypejarnhjula vart massen på 3,5tonn, men dei kunne utstyrast med vekter som aukamassen til 7 tonn. Dei ombygde maskinane fekk typebetegnelsen VIG 1/100 (Vehicule Industrial Gasoline I)[1]. VIG 1/100 fungerte fint, men koplingane, som var dimensjonert for landbrukstraktoren VAK1, vart fort utslitne. Problemet vart løyst med å bytta til eihydrodynamisk kopling.
Taskmaster VID 1C var ein oppgraderte versjon av VIG1/100. Han hadde same motor som Cropmaster 1C, hydrodynamisk kopling og same kraftige ramme og hul som VIG1/100. Det vart produsert 330 av desse[1].
Beltetraktoren VKT var eit hastverksarbeid, så det vart inngått einlisensavtale medCaterpillar, som resulterte i ein beltetraktor med typebetegnelsen DB4[1]. Dette var i røynda var ein Caterpillar D4, men han var utstyrt med ein Dormandieselmotor på 38,5 hk. Girkassen hadde 5 hastigheiter framover og han haddekopling/bremse-styring, som var vanleg på beltetraktorar. Når dei vart utstyrte med kraftige frontskjer vart dei tilbulldosarar. DB4 fungerte mykje betre som bulldosar enn VTK, og vart mellom anna nytta underInvasjonen i Normandie[1].
Trackmaster var ein serie med beltetraktorar mynta på landbruk, basert på Cropmaster hjultraktorar. Trackmaster 30T, 30TD og 30ITD hadde same motor som Cropmaster, men kraftigare transmisjon ogdifferensialstyring. 30ITD var ein industriversjon av dieselversjonen 30TD. Trackmaster 50TD og 50ITD hadde dieselmotorar på 50 hk. Samstundes som det vart slutt på å kalla hjultraktorane Cropmaster i 1953 slutta dei òg å nytta Trackmaster i typebetegnelsane til beltetraktorane. Det vart produsert 3080 av den minste versjonen i perioden 1950-1960 og 1667 av den største i perioden 1952-1965.40D hadde same dieselmotor på 50 hk som i Trackmaster 50D. Transmisjonen var den same som i 50TD.
Då 2. verdskrig tok slutt vart Johan Norlie importør av David Brown. Han var òg eigar avEik & Hausken, som importerteFordson, og i 1957 kravde Ford at han slutta å importera andre traktormerke enn Fordson[4]. Maskin A/S Expedit iBergen vart ny importør. Dei oppretta eit samarbeid med Motordrift A/S Bil og Maskin iHønefoss. I 1967 tok Motordrift over som importør.