Dasht-e Kavir (persisk دشت كوير), òg kallaKavir-e Namak ogDen store saltørkenen, er ein stor ørken som ligg midt påDet iranske platået. Han er kring 800 km lang og 320 km brei med eit samla areal på kring 77600 km², som gjer han til den 26. største ørkenen på jorda.[1] Ørkenen strekkjer seg fråAlborzfjella i nordvest tilDasht-e Lut i søraust og dekkjer deiiranske provinsaneKhorasan,Semnan,Teheran,Isfahan ogYazd
Sentralt i ørkenen liggKavir Buzurg (Store Kavir), som er kring 320 km lang og 160 km brei. I vest ligg Daryahcheh-e Namak («saltsjø») på 1800 km². Her finst store saltplater i mosaikk-aktig form. Han er ein del av ein 4000 km verna, økologisk område,Kavir nasjonalpark. Eit av dei mest aude områda i Dasht-e Kavir erRig-e Jenn («djeveldynene»).
Kart overbiotop i Iran, som syner plasseringa til Dasht-e Kavir (beige oval til høgre for midten).██ Skogssteppe██ Skog██ Halvørken██ Låglandsørken██ Steppe██ Salte elvemyrer
Klimet i Dasht-e Kavirs er tørt og det kjem lite regn og snø gjennom året. Fjellområda rundt får derimot rikeleg av nedbør og avrenning frå desse områda skapar store innsjøar og myrområde til tider av året. Temperaturen kan nå 50 °C på sommaren og middeltemperaturen i januar er 22 °C. Skilnaden mellom dag- og nattetemperatur gjennom året kan varierer med så mykje som 70 °C. Om det kjem regn, kjem det vanlegvis på vinteren.
Ørkenjorda er dekt av sand og småstein. Her finst myrområde, og innsjøar og elvar som er tørrlagde til tider av året. Den høge temperaturen skapar ekstrem fordamping, som gjer at myrområda og gjørma vert dekka av eit lag med salt. Det er vanleg med kraftig vind og vinden skapar dyner som er opp til 40 meter høge. Delar av Dasht- e Kavir har ein meirsteppe-liknande utsjånad.
Vegetasjonen i Dasht-e Kavir er tilpassa det varme og tørre klimaet, i tillegg til den salthaldige jorda. Vanlege planter somkratt oggras finn ein berre i somme dalar og fjelltoppar. Den mest utbreidde planta erburot.
Den persiskeløpekråka er ein fuglearti som held til i delar av ørkenplatået, i lag medlerker ogsandhøns.
Den ekstreme varmen og dei mange stormane i Dasht-e Kavir skapar mykje erosjon, som gjer det nesten umogeleg å dyrke landområdet. Ørkenen er nesten folketom og lite nytta. Kamelar og saueavl ogjordbruk er hovudnæringa til dei få menneska som lever her. Busetnadane er avgrensa til nokre fåoasar, der vindblokkerande hus betrar levevilkåra. For vasstilførsel har iranarane utvikla eit sofistikert system av vassbrunnar kallaqanatar. Desse er framleis i bruk og moderne, globalt nytta vassystem er basert på desse teknikkane.