Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Dardanellane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete av Dardanellane.

Dardanellane (tyrkiskÇanakkale Boğazı), tidlegareHellespont, er eit smaltsund nordvest iTyrkia som knyterEgearhavet saman medMarmarahavet.

På same måte somBosporossundet, deler DardanellaneEuropa (her vedGallipoli-halvøya) fråAsia. Den største byen i nærleiken av Dardanellene erÇanakkale, som har fått namnet sitt frå det kjendeborga i byen (kale tyder «borg»).

Terminologi

[endre |endre wikiteksten]
Hellespont/Dardanellane, eit langt, smaltsund som delerBalkan (Europa) fråAnatolia (Asia)

Det tyrkiske namnetÇanakkale Boğazı er avleidd frå byen som ligg ved sundet,Çanakkale (som igjen har namnet sitt frå den kjendeborga;kale i tyding «borg»).

Namnet Dardanellane er avleidd frå det antikke, greske områdetDardanos (òg skrive Dardania) som låg ved kysten av sundet. Dette området var igjen kalla opp etterDardanos, ein mytologisk son avZevs ogElektra.

Namnet Hellespont var det antikke greske namnet, Ἑλλήσποντος,Hellespontos, det vil seie «Hellesjøen». Sundet fekk i samsvar medgresk mytologi namnet fråHelle, dotter av Athamas, som drukna her, i segnet om gullskinnet. Staden har òg hatt andre namn i klassisk litteratur,Hellesponium Pelagus,Rectum Hellesponticum, ogFretum Hellesponticum

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Kart over slagmarka ved Dardanellane under første verdskrigen.

Sundet har hatt ei strategisk rolle opp igjennom historia. Til dømes fannden trojanske krigen stad på den asiatiske sida av Dardanellane.

Herodot fortel at persarkongenXerxes I, son avDareios I, kring 482 fvt. lét tobruer byggjast over sundet vedAbydos for at den fem millionar mann store hæren (i røyndomen var hæren truleg på ein halv million) hans skulle kome seg over sundet tilHellas. Men ein storm øydela begge bruene. Sjøen vart straffa med 300 piskeslag og ved at eit par kjettingar vart kasta uti, og etter dette gjorde bygningsarbeidarane bruene ferdig. I tillegg til å straffe Hellespont, fekk Xerxes byggleiarane halshogd. Historieverket til Herodot gjev ei detaljert skildring av brubygginga.

Det var òg over HellespontLeander måtte krysse for å ha stemnemøte med sin elska, prestinnaHero. I nyare tid harLord Byron gjort ein kjend symjetur over Hellespont.

Sundet var svært viktig for denosmanske dominansen over det austreMiddelhavet. Difor freista deiallierte å erobre Dardanellane underførste verdskrigen, iGallipolifelttoget. Åtaket mislukkast, og dei store tapa gjorde nesten ende på karrieren tilWinston Churchill.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Dardanellane&oldid=3566921»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp