Dan Ar Braz | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 15. januar1949 (76 år) Quimper |
Yrke | gitarist,songar,songar-låtskrivar |
Språk | fransk |
Nettstad | http://www.danarbraz.com |
Dan Ar Braz på Commons |
Dan Ar Braz, eignetlegDaniel Le Bras (fødd 15. januar 1949 Quimper iBretagne), er einfransk (bretonsk) gitarist og grunnleggjar avHéritage des Celtes.
I 1967, då han deltok på eit restaurantkurs iBenodet møtte hanAlan Stivell, som inviterte han med seg i gruppa si.[1] Alan Stivell og musikarane hans spelte bretonsk, skotsk og irsk musikk. Etter ein suksessrik turne i Frankrike i 1972 reiste dei kring i Europa, Nord-Amerika og Australia. Daniel Le Bras endra namn til Dan Ar Bras for å syne at han høyrte til bretonsk kultur og ikkje den franske.
I 1972 danna han si eiga gruppa kalla Mor. Etter eitt album spelte han inn eit soloalbum med irsk musikk. I 1976 flytte han til England og vart med iFairport Convention. Han endra namn igjen, denne gongen til Dan Ar Braz. I om lag eitt år spelte han konsertar med Fairport, men spelte ikkje inn studioalbum med dei. Han reiste attende til Bretagne og spelte inn tre soloalbum på tre år, alle med keltisk musikk. Han song på fransk og engelsk.
I 1980-åra spelte han mykje akustisk musikk, og vart så med i ein bluesrocktrio. Mellom 1984 og 1987 turnerte han i USA mange gonger. Musikken hans på denne tida vart skildra somNew Age.
Den største augneblinken til Dan Ar Braz kom i 1992 då arrangøren av Festival de Cornouaille i Quimper bad han om å skape eit show der han blanda tradisjonell musikk med moderne stilar. Dan hadde mange kontraktar i Storbritannia, Frankrike og Amerika og leverte over all forventning.Donal Lunny kom frå Irland,Karen Matheson frå Skottland,Elaine Morgan frå Wales ogBagad Kemper (sekkepiper) ogAlan Stivell frå Bretagne. I alt var 75 musikarar involvert. Gruppa, kalla L'Héritage des Celtes, spelte på Quimper-festivalen i juli 1993 og så iRennes i 1994. Eit populært album gjenskapte showet. Det selde 100 000 eksemplar i ti land. Eit konsertalbum følgde. Dei var så kjende i Frankrike at dei i 1996 representerteFrankrike iEurovision Song Contest 1996. Dei spelte inn eit nytt album i 1997,Finisterres som igjen selde 100 000. I 1998 vann dei pris i Frankrike for beste tradisjonelle musikkalbum.
I nyare år har Dan Ar Braz gått attende til soloprosjekta sine.