Den tyske demokratiske republikken (tyskDeutsche Demokratische Republik,DDR). Uformelt vart landet òg kalla «Aust-Tyskland». Aust-Tyskland er ei nemning som òg kan verta nytta i omtale av dei tidlegare austlege tyske provinsane. Dei austlegaste tyske provinsane låg i hovudsak aust for DDR. IVest-Tyskland kunne DDR verta referert til som «Midt-Tyskland», «SBZ» eller «såkalla DDR».
DDR var ein totalitærkommuniststat med drag avstalinisme. Kontrollen med befolkninga skjedde i stor grad ved eit omfattande overvakingssystem.
Landet vart utgjort av den delen avTyskland som vart okkupert avSovjetunionen etterden andre verdskrigen. På tysk var nemninga på sonaSowjetische Besatzungszone;SBZ. DDR eksisterte frå7. oktober1949 til3. oktober1990. Hovudstad varAust-Berlin. Staten var i utgangspunktet ikkje anerkjend av Vest-Tyskland, og heller ikkje av Tyskland sine vestlege allierte. Som fylgje av den omstriddeaustpolitikken til sosialdemokratenWilly Brandt vart DDR til slutt anerkjend avNATO-landa. Mellom anna Noreg anerkjende DDR i1974.
Etter at regima iWarszawapakta fall saman vart DDR sitt landområde ein del av eit sameintTyskland.Helmut Kohl vert gjeven mykje av æra for samlinga av Tyskland. Mange av DDR sine tidlegare leiarar og medløparar vart stilte for retten av styresmaktene i det samla Tyskland. Tiltala vart gjort på grunn avlandssvik og for brotsverk underden kalde krigen. Mellom anna vart fleire som prøvde å flykta frå DDR drepne. DDR sin siste kommunistiske leiar,Egon Krenz, vartjula2003 frigjeven fråPlötzensee-fengselet i Berlin.
Kart over Tyskland med DDR avmerktKart over DDR med regionar frå 1952