Karl-Arne Stokkan og andre forskarar vedUniversitetet i Tromsø undersøkte døgnrytmane tilreinsdyr påSvalbard (78 grader nord) og påFinnmarksvidda (70 grader nord) gjennom eit år. Som andre drøvtyggarar hadde dyra korte aktivitetsperiodar og korte kvileperiodar gjennom heile døgeret og heile året. Men berre i periodane med tydeleg skilje på dag og natt viste svalbarddyra eit aktivitetsmønster organisert etter ein døgnrytme. Norsk rein hadde det organiserte mønsteret gjennom hausten, vinteren og våren men viste ikkje nokon døgnrytme om sommaren. «Vi mener at denne formen for fravær av døgnrytme kan være en generell egenskap hos polare dyr», har Stokkan sagt.[4]
Forskarar i nordre Alaska fann det motsette med omsyn til to mindre pattedyr. Gjennom 82 døgn med solskin, heldt ekorn og piggsvin (ground squirrel ogporcupine) seg med svært regelmessige døgnrytmer. Forskarane meiner at årsaka kan vere at dyra ser at avstanden mellom sola og horisonten ser ut til å vere minst ein gong i døgeret.[5]
Lys justerer den biologiske klokka i samsvar medfase-respons kurven (phase response curve, PRC, sjåDøgnrytmesjukdom for illustrasjon). Avhengig av tidspunktet kan lys og andrezeitgeber skyve den biologiske klokka framover eller bakover. Både den nødvendige lysintensiteten og PRC varierer frå art til art; det skal sterkare lys til for å stille om menneskeklokka enn, til dømes, gnagarklokka.
Hjåpattedyr og ein del andre dyr er døgnrytmen justert primært av lys som treffer spesielle, lysømfintlegeganglieceller inetthinna som sender signala vidare til hovudklokka, deisuprakiasmatiske kjernane. Signala har ein eigen kanal i hjernen,tractus retinohypothalamicus, som delar seg frå synsnerven like etter at den har forlateaugeeplet. Desse cellene har intet med syn å gjere, og systemet fungerer hjå mange blinde som ikkje kan sjå lys.
Andre eksternezeitgeber kan ha ein viss effekt på døgnrytmen. Dette kan vere regelmessige inntrykk somvekkjarklokker ogmåltid.
Det er blitt forska på fenomenet A- og B-menneske, i litteraturen kallachronotype ellermorningness/eveningness, sidan 1970 då O. Öquist ved Universitetet i Göteborg skreivKartläggning av individuella dygnsrytmer. O. Östberg modifiserte spørjeskjemaet til Öquist og i 1976, saman med J. A. Horne, gav han ut sittMorningness - Eveningness Questionnaire, MEQ,[6] som framleis er i bruk og er referert til i så å seie all forsking på dette emnet. Ein kort versjon, på engelsk, er å finne på Internett.[7]
A-menneske står gjerne tidleg opp og er aktive og mest vakne tidleg på dagen. B-menneske likar å liggje lenge, er mest opplagde om kvelden og går seint til sengs. Fleirtalet er likevel verken A eller B, men innimellom, og alle søv like mange timar i gjennomsnitt. Søvnrytmen regulerast i hovudsak av tre faktorar:[8]
- kor mange timar sidan ein sist sov (homeostatisk faktor)
- døgnrytmen (cirkadian faktor) og
- vaner/åtferd.
Utan informasjon om tid, i studiar i laboratorium, lever A-mennesket på eit døger som er nokså nær 24 timar, medan B-mennesket lever på eit døger som nærmar seg 25 timar.[9] Begge held fram med å sove i omtrent ein tredel av tida. Dei andre cirkadiane rytmane så som hormonproduksjon (til dømeskortisol ogmelatonin), appetitt og kroppstemperatur vert synkroniserte.
A- og B-menneske representerer ei nokså stor normal spreiing. Om det ikkje er lett, såkan dei fleste flytte søvntider til det som samfunnet (jobb, skule) krev. Dei som er lite fleksible og til vanleg vaknar vel før kl 05 eller vel etter kl 09, og som opplever at dette gjer normal deltaking i samfunnet uråd eller svært vanskeleg, har eindøgnrytmesjukdom.
Personar kan også misse eller få forstyrra sine døgnrytmar grunnademens eller hjerneskade, og mellombels vedskift- og turnusarbeid eller ved reise med fly gjennom fleiretidssoner.