Covent Garden er eit område i sentraleLondon (City of Westminster og det sørvestlege hjørnet avCamden). Området er dominert av forretningar og teater, og har inngangen tilRoyal Opera House, som òg er kjent som berre «Covent Garden». Her finst òg dessutan det travle Seven Dials-området.
Området er avgrensa av High Holborn, Kingsway, The Strand og Charing Cross Road. Covent Garden Piazza ligg i sentrum av området på ein stad der det var einblomer-,frukt- oggrønsakmarked frå 1500-talet til1974. Då blei engrosmarknaden flytta tilNew Covent Garden Market iNine Elms.
«Convent Garden» (seinare forkorta til Covent Garden) var namnetJohan utan land (1199–1256) gav eit 160 000 m² stort område iMiddlesex som var avgrensa i vest og aust av det som no er St. Martin's Lane og Drury Lane, og i nord og sør av Floral Street og ei linje frå Chandos Place, langs Maiden Lane og Exeter Street til Aldwych.
I denne firkanten hadde St. Peters kloster i Westminster ein stor kjøkkenhage imellomalderen. Gjennom dei neste tre hundreår blei den gamle klosterhagen, «convent garden», ein viktig leverandør av frukt og grønsaker til London. I denne perioden vart området drive av leiarar med løyve frå abbeden av Westminster.
Denne typen leigemål førte til eigedomstvistar i heile kongeriket. Det endte i 1540 då kongHenrik VIII oppløyste klostera og overtok jorda deira.
Henrik VIII gav jorda vidare til John Russell, som varLord High Admiral, og seinarejarl av Bedford. For å oppfylla det siste ønsket til far sin tildelteEdvard VI resten av «the convent garden» til onkelen sin på morssida, Edward Seymour, første hertug av Somerset, i i 1547. Han byrja byggaSomerset House på sørsida avThe Strand året etter. Då Seymour blei halshoggen for forræderi i 1552 blei jorda tilbakeført til kongen, og fire månader seinare blei tildelt ein av dei som hadde bidrege til Seymour sitt fall. 160 000 m², kjent som «le Covent Garden» pluss «the long acre», blei ved kongeleg forordning tildelt jarlen av Bedford i all æve.
Det moderne Covent Garden har røtene sine i det tidlege 1600-talet,, då området "the Convent's Garden" blei gjenutvikla av Francis Russell, 4. jarlen av Bedford. Området blei teikna avInigo Jones, den fyurste og største av dei engelskerenessansearkitektane. Han var inspirert av planlagde marknadsbyar frå slutten av 1400-talet og byrjinga av 1500-talet, såkallabastides. Området blei snøgt ein base for kjøpmenn, og etterStorbrannen i London i1666, som øydela konkurrentane til marknaden i byen, blei det den viktigaste marknaden i landet. Eksotiske varer frå heile verda blei frakta oppThemsen og selde ved Covent Garden. Den fyrste skildringa av eitPunch and Judy-show iStorbritannia blei skildra avSamuel Pepys, som såg eit her i mai 1662. I dag er Covent Garden den einaste delen av London der det er tillate å ha gateunderhaldning. I 1830 blei det reist ein stor bygning har som var inspirert av dei romerske bada, som mellom anna finst iBath, for å skapa eit meir permanent handelssenter.
På slutten av 1960-talet hadde trafikkorkar i området nådd eit så høgt nivå at bruken av staden som marknad ikkje lenger var berekraftig. Heile området var truga av komplett omplanlegging, men lokalt engasjement pressa styresmaktene til å erklæra dusinvis av bygningar rundt om plassen som verna i 1973. Dette hindra endringane. Året etter flytta marknaden endeleg til ein ny stad kallaNew Covent Garden Market, omlag 4 km mot sørvest ved Nine Elms. Den eldre staden forfall fram til den sentrale bygningen blei gjenopna som shoppingsenter og turistattraksjon i 1980.London's Transport Museum og bakinngangen tilRoyal Opera House ligg på staden.