| Courbethalvøya | |||
| halvøy | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stad | Kerguelen | ||
| - koordinatar | 49°15′S70°12′E /49.250°S 70.200°E /-49.250; 70.200 | ||
![]() Courbethalvøya 49°15′S70°12′E /49.25°S 70.2°E /-49.25; 70.2 | |||
Courbethalvøya ellerPéninsule Courbet er ei stor halvøy nordaust på hovudøya, Grande Terre, i densubantarktisk øygruppaKerguelen sør iIndiahavet. På sørkysten av halvøya ligg denfranskeforskingsstasjonPort-aux-Français, den einaste permanente busetnaden på øygruppa. Tidlegare låg det eit observatorium på Molloy, 10 km vest for Port-aux-Francaer langs nordkysten av Morbihanbukta, oppretta 7. september 1874 av ein amerikansk ekspedisjon leia av G. P. Ryan for å observereVenuspassasjen i 1874.
Courbethalvøya er relativt flat og består hovudsakleg av avsetningar frå isbrear. På austsida er ikkje høgda høgare enn 200 meter over havet, medan vestsida er meir kupert med høgder opp mot 500 moh. Ho inneheld mange myrer, men i dei indre områda er det meir tørt og med lite vegetasjon.[1] Halvøya er kring 55 km lang og kring 10 km brei i vest og meir enn 20 km brei lenger aust. Sørkysten av halvøya dannar nordsida avMorbihanbukta. På søraustsida ligg Norwegian Bay. Det austlegaste neset på halvøya, og på Grande Terre, er Cape Ratmanoff, og nord på dette neset ligg Marlysjøen. Litt lenger nord ligg Cape Digby, som er nordaustenden på halvøya. Det nordlegaste punktet på halvøya er Cape Cotter.
Mykje av halvøya har avBirdLife International status somviktig fugleområde (IBA) på grunn av dei mange fuglane som hekkar her, særlegsjøfuglar. Minst 22 artar hekkar her. Tre store koloniar medkongepingvinar finst på nordvestkysten, med i alt 172 400 par. Det er fleiregulltoppingvinkoloniar langs nordkysten. Det indre av området er viktig for den største populasjonen avkerguelenand. Det finst kring 300 parvandrealbatrossar og opp til 800 parnordkjempepetrellar. Her finst òg mykje hekkandebøylepingvinar,kerguelenskarv,maskeslirenebb,sørhavsjo,kerguelen- ogsørhavsterne, ogtaremåser.[1]
Her finst òg den største ynglestaden forsørleg elefantsel i øygruppa med 43 782 hoer i 1997. På halvøyar er det òg ein ynglande koloni medantarktisk pelssel.[1]