Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Count Basie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Count Basie

StatsborgarskapUSA
Fødd21. august1904
Red Bank
Død

26. april1984 (79 år)
Hollywood

Yrkepianist,orkesterleiar,dirigent,komponist,sjølvbiograf,skodespelar,jazzmusikar,låtskrivar,organist
Språkengelsk
Medlem avCount Basie Orchestra
EktefelleCatherine Basie
Count Basie på Commons
Count Basie med band.

William «Count» Basie (21. august 190426. april 1984) var einamerikanskjazzmusikar, pianist og orkesterleiar. Basie voks opp i fattige kår, men lærte seg likevel å spelepiano. Tidlege førebilete var, i følgje han sjølv,Earl «Fatha» Hines ogThomas «Fats» Waller. I tjueårsalderen fekk han ymse jobbar somstumfilmpianist,vaudevillemusikar og akkompagnatør for ulikebluessongarar. I1928 fekk han jobben som pianist iWalter Page sitt band Blue Devils, eit band med røtene iKansas City i Missouri. Der fekk han året etter eit engasjement iBennie Moten sitt orkester, som han overtok etter Moten sin død i1935.

Basie skapte ein ny stil istorbandjazzen, som fram til då hadde vore prega avFletcher Henderson ogDuke Ellington sine meir raffinerte arrangement. Basie kunne òg bruke innvikla oppbygning på arrangementa sine, men det meste av musikken baserte seg på enkle tonegangar, såkallariff, underbygd av ei sterk rytmekjensle. Musikken var òg prega av Basie sitt enkle og spaningsskapande pianospel.

Utanom ein kort pause frå1950-1952 heldt storbandet det gåande fram til slutten av1970-talet. Då gjorde Basie si forverrande helse det vanskeleg å halde fram med å turnere.

Mange framståande musikarar bidrog til å oppretthalde orkesteret sitt høge nivå. Ein kan nemnetrompetaraneBuck Clayton,Harry Edison ogThad Jones,tenorsaksofonistaneLester Young,Hershel Evans,Frank Wess,Frank Foster ogEddie «Lockjaw» Davis,gitaristenFreddie Green ogtrommeslagarenJo Jones. Basie sin musikk var sterkt prega av blues, og han fekk med seg songarar somHelen Humes,Jimmy Rushing ogJoe Williams.

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata


Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Count_Basie&oldid=3411561»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp