Halvøya er ein del av Armoric-massivet, og ligg mellom elvemunningen tilVire og buktaMont Saint Michel. Ho er delt i tre delar: NesetLa Hague, Cotentinpasset og dalen til elvaSaire (Val-de-Saire). Halvøya utgjer mesteparten av departementetManche.
Den største byen på halvøya erCherbourg på nordkysten, her det går båtar over Kanalen.
Byen som i dag heiter Coutances var hovudstad iUnelli, eigallisk stamme, og fekk namnetConstantia i298 av den romerske keisarenConstantius Chlorus. Heile halvøya, pålatinsk kallapagus Constantinus, varst så kalla Cotentin.
Før det vart laga moderne vegar, var halvøya nesten utilgjengleg om vinteren fordi store myrområde flauma over dei lågareliggande områda på sjølve neset, slik at Cotentin stundom har vorte kalla ei øy gjennom historia.
ByenValognes var fram tilDen franske revolusjonen ein sosial ferieby for aristokratar, og fekk tilnamnet «Normandie sitt svar på Versailles». Det er lite igjen av dei store husa ogchâteaux, på grunn av kampane her underOperasjon Overlord i1944. Det sosiale livet her vart skildra i romanane tilJules Barbey d'Aurevilly, som sjølv var frå området.