Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Corry Brokken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Corry Brokken

StatsborgarskapKongeriket Nederlanda
Fødd3. desember1932
Breda
Død

31. mai2016 (83 år)
Laren

Yrkeskodespelar,songar,programleiar,radioprogramleiar,dommar,advokat,arrangementvert,sjølvbiograf
EktefelleCees See, René Sleeswijk sr.
Corry Brokken på Commons
Corry Brokken underEurovision Song Contest 1958.

Corry Brokken (fødd 3. desember 1932 iBreda, død 31. mai 2016) var einnederlandsk songar.[1]

Eurovision

[endre |endre wikiteksten]
Corry Brokken under prøvane tilEurovision Song Contest 1976.

Brokken har representert Nederland iEurovision Song Contest tre gonger, i 1956, 1957 og 1958. Ho er ein av tre songarar som har delteke som artist tre år på rad. Dei to andre erLys Assia for Sveits i 1956, 1957 og 1958 ogUdo Jürgens for Austerrike i 1964, 1965 og 1966. Alle tre har òg vunne tevlinga éin gong. I 2014 vilValentina Monetta òg vere med på lista etter at ho representerte San Marino i 2012 og 2013. I 1976 var ho programleiar for Eurovision Song Contest. Ho er den einaste artisten som har vunne og enda på sisteplass i tevlinga.[2]

Nationaal Songfestival 1956

[endre |endre wikiteksten]

Brokken deltok iNationaal Songfestival 1956, den nederlandske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956, med tre bidrag; nederlandskspråklege «Ik zei: ja», nederlandskspråklege «Voorgoed Voorbij» og nederlandskspråklege «'t Is lente». «Voorgoed Voorbij» vann tevlinga og fekk representere Nederland. Det andre bidraget som representerte Nederland var «De vogels van Holland» avJetty Paerl. «'t Is lente» og «Ik zei: ja» enda på høvesvis tredje- og femteplass.

Eurovision Song Contest 1956

[endre |endre wikiteksten]

Nederland deltok iEurovision Song Contest 1956 iLigano iSveits 24. mai 1956 med «Voorgoed» og «De vogels von Holland», der Brokken framførte fyrstnemde. Kvart land deltok med to bidrag kvar, og det er ikkje kjent kva for poengsum eller plassering dei fekk. Av di røystgjevinga aldri vart offentleggjort kunngjorde ganske enkelt ein talsperson at Sveits hadde vunne.

Nationaal Songfestival 1957

[endre |endre wikiteksten]

INationaal Songfestival 1957, den nederlandske uttakinga tilEurovision Song Contest 1957, deltok ho for andre året på rad. Dei to bidraga hennar var nederlandskspråklege «Iwan» og nederlandskspråklege «Net als toen». «Net als toen» vann tevlinga og fekk representere Nederland, medan «Iwan» enda på andreplass.

Eurovision Song Contest 1957

[endre |endre wikiteksten]

Nederland deltok iEurovision Song Contest 1957 iFrankfurt am Main iVest-Tyskland 3. mars 1957 og vann med 31 poeng; sju frå Sveits, seks frå Austerrike, fem frå Belgia, fire frå Frankrike, tre frå Luxembourg og Danmark og eitt frå Storbritannia, Italia og Vest-Tyskland. Bidraget var det fyrste som fekk poeng frå alle land røysta. Dette var andre gongen Brokken deltok, og ho vart dimed den fyrste, saman med Lys Assia, som deltok to år på rad.

Nationaal Songfestival 1958

[endre |endre wikiteksten]

INationaal Songfestival 1958, den nederlandske uttakinga tilEurovision Song Contest 1958, deltok ho for tredje år på rad, denne gongen med nederlandskspråklege «Heel de Wereld» og nederlandskspråklege «Weet je». Dei enda på høvesvis fyrste og andreplass, og «Heel de Wereld» fekk representere Nederland.

Eurovision Song Contest 1958

[endre |endre wikiteksten]

Nederland deltok iEurovision Song Contest 1958 iHilversum iNederland 12. mars 1958 og enda på ein delt niandeplass med Luxembourg med berre eitt poeng frå Sveits. Sidan Luxembourg fekk same plassering enda båe bidraga sist i tevlinga. Brokken var dimed den fyrste som både hadde vunne og enda sist, og er framleis den einaste artisten som har gjort dette. Saman med Lys Assia vart ho den fyrste som deltok tre år på rad.

Nationaal Songfestival 1959

[endre |endre wikiteksten]

Brokken deltok iNationaal Songfestival 1959, den nederlandske uttakinga tilEurovision Song Contest 1959. Det var fjerde år på rad ho deltok i tevlinga. Åtte bidrag var med, og alle vart framført to gonger av to ulike artistar. Brokken framførte den nederlandskspråklege songen «Mijn hart en ik» i ein duett medBruce Low og den nederlandskspråklege songen «Kleine zilv'ren ster» og den nederlandskspråklege songen «Iedere dag met jou» åleine. Dei tre songane vart òg framført av ulike andre artistar. Bidraga enda på høvesvis tredjeplass med 110 poeng, åttandeplass med 35 poeng og sjetteplass med 43 poeng. Dette var fyrste gongen Brokken ikkje fekk representere Nederland.

Eurovision Song Contest 1976

[endre |endre wikiteksten]

Brokken var programleiar forEurovision Song Contest 1976 iHaag i Nederland. Ho vart dimed den fyrste tidlegare vinnaren som òg har vore programleiar.

Eurovision Song Contest 1997

[endre |endre wikiteksten]

UnderEurovision Song Contest 1997 iDublin var Brokken poengutdelar for Nederland.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]

Fotnotar

[endre |endre wikiteksten]
  1. 1,01,1Gjørøy, Alexander (2. juni 2016).«Eurovision-vinner Corry Brokken er død».escNorge. Henta 4. juni 2016. 
  2. O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest - The Official History (2007). UK:Carlton Books (ISBN 978-1-84442-994-3)
Vertskap
Arena
AVRO-studio 1
Programleiar
Karin Kraaykamp
Finale
EuroPaíses Bajos.svgEurovision Song Contest 1976
Ikkje med
Trekt attende
Diskvalifisert
Finalen
Stad
Congresgebouw iHaag
Programleiar
Corry Brokken

Storbritannia:Save Your Kisses for Me avBrotherhood of Man(Martin Lee,Lee Sheriden,Nicky Stevens,Sandra Stevens ogBarry Upton) ·Sveits:Djambo, Djambo avPeter, Sue and Marc(Peter Reber,Sue Schell ogMarc Dietrich) ·Vest-Tyskland:Sing Sang Song avLes Humphries Singers(John Lawton,Jürgen Drews,Jimmy Bilsbury,Barry St. John,Judy Archer ogPeggy Evers) ·Israel:Emor Shalom avChocolat, Menta, Mastik(Yardena Arazi,Ruthie Holzman ogLeah Lupatin) ·

Luxembourg:Chansons pour ceux qui s'aiment avJürgen Marcus ·Belgia:Judy et Cie avPierre Rapsat ·Irland:When avRed Hurley ·Nederland:The Party's Over avSandra Reemer ·Noreg:Mata Hari avAnne-Karine Strøm ·Hellas:Panagiá mou, panagiá mou avMaríza Koch ·Finland:Pump-Pump avFredi ogYstävät ·Spania:Sobran las palabras avBraulio ·Italia:We'll Live It All Again avAl Bano ogRomina Power ·Austerrike:My Little World avWaterloo & Robinson(Johann Kreuzmayr ogJosef Krassnitzer) ·Portugal:Uma flor de verde pinho avCarlos do Carmo ·Monaco:Toi, la musique et moi avMary Christy ·Frankrike:Un, deux, trois avCatherine Ferry ·Jugoslavia:Ne mogu skriti svoju bol avAmbasadori
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Corry_Brokken&oldid=3477899»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp