Aérospatiale-BAC Concorde (ofte referert til berre somConcorde) var eit turbojet-drivesupersonisk passasjerfly. Flyet var eit resultat av eit anglo-fransk samarbeid, der engelskeBAC og franskeAérospatiale samarbeidde om å utvikla flyet. Concorde flaug fyrste gong i1969 og vart sett inn i rutetrafikk i1976.
Concorde flaug faste transatlantiske flygingar fråLondon ogParis tilNew York ogWashington, D.C. Overlydsflyet var i stand til å fly desse strekningane på halvparten av den tida andre passasjerfly medjetmotorar brukte.
Sjølv om flyet var i drift i 27 år, vart det berre bygd 20 maskiner. Salet kunne difor ikkje forsvara utviklingskostnadene, og dei to produsentane lei store økonomiske tap. Den britiske og franske staten såg det likevel som viktig å oppretthalda drifta av Concorde, og subsidierte diforAir France ogBritish Airways, dei to operatørane av flytypen, for å sikra at det var halde fram med flygingane.