Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Conakry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Conakry
by
Land Guinea
Areal450 km²
Folketal 1 667 864(2014)
Kart
Conakry
9°30′33″N13°42′44″W / 9.5091666666667°N 13.712222222222°W /9.5091666666667; -13.712222222222
Wikimedia Commons: Conakry
Kart over Guinea med Conakry i vest

Conakry er hovudstaden og den mest folkerike byen i det vestafrikanske landetGuinea. Byen er ein hamneby vedAtlanterhavet. Han ligg på øya Tombo, og på halvøya Kaloum. Talet på innbyggarar vart estimert til 1 548 500 i 2009.[1] Conakry er det administrative og økonomiske sentrumet i landet. Drifta av hamna utgjer ein viktig sektor i byen sin økonomi.

Styre

[endre |endre wikiteksten]

Conakry er delt opp i fem kommunar, kvar leia av ein borgarmeister. Til saman dannar dei fem kommunane regionen Conakry. Frå sørvest er dette Kaloum (sentrum), Dixinn (inkludert Universitetet i Conakry og mange ambassadar), Ratoma, Matam og Matoto, der Gbessia lufthamn ligg.

Økonomi

[endre |endre wikiteksten]

Conakry er både det økonomiske og kommunikasjonsmessige senteret i Guinea. Næringsverksemda er i stor grad knytt til utskiping av varer produsert i landet. Jarnbanen frå aust i Guinea transportereraluminiumoksid frå gruvene der, store mengderbanan og andre matvarer, samt varer til byggjebransjen. I gjennomsnitt tener ein person frå Conakry om lag $45 i månaden.

Infrastruktur

[endre |endre wikiteksten]

Utkopling av straum og vatn har sidan 2000 dagleg råka innbyggjarane i Conakry. Regjering og kraftselskap skuldar tørken i februar 2001 for den samtidige mangelen på elektrisk kraft til hovudstaden, medan gammalt maskineri skal vere forklaring på den vedvarande mangelen på elektrisitet. Kritikarar av regjeringa har derimot vist til vanstyre, korrupsjon, og at den franske partneren trekte seg ut av kraftselskapet i 2002. Større delar av byen har ikkje trafikklys i kvelds- og nattetimane.

Folkeleg misnøye med forsyningssituasjonen i Conakry, knytt saman med anti-regjering-protestar, streikar, og valdsferd frå presidentLansana Conté sitt styre, utvikla seg til gatekampar i byen. Valden var på det kraftigaste og nådde ein topp med generalstreiken i januar-februar 2007. Meir enn hundre menneske vart drepne då hæren slo ned protestane.

Klima

[endre |endre wikiteksten]

Conakry har eittropisk monsunklima, ifylgjeKöppen si klimaklassifisering. Byen har siregntid og sitørketid. Til liks med størstedelen avVest-Afrika er tørketida i Conakry mellom desember og april påverka avharmattan. Desse månadene fell det såleis litenedbør over byen. Derimot har Conakry uvanleg mykje nedbør i regntida, til skilnad frå mange delar av Vest-Afrika. Til saman fell det årleg nær 4 300 mm nedbør over byen.

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Conakry i 1912

Ei legende seier bynamnet er ei samanfatting av namnetCona, ein vinbryggar hosbagafolket, og ordetnakiri, som påsosso betyr 'den andre sida'.[2]

Conakry vart opphavleg bygt på øya Tombo og spreidde seg over til Kaloumhalvøya, ei 36 km lang landtunge som er 200 meter brei. I 1885 hadde landsbyane Conakry og Boubinet berre 500 innbyggarar. To år seinare, 1887, overlet britane øya til Frankrike. Franskmennene grunnla byen Conakry som i 1904 vart hovudstad i Fransk Guinea. Byen blomstra opp som eksporthamn, særleg etter han fekk jarnbanesamband med Kankan. Dette opna opp for utskiping i stor skala av jordnøtter frå innlandet.

Folketalet auka frå 50 000 innbyggarar i 1958 til 600 000 i år 1980 og vidare til dagens om lag 1,5 millionar.[3] Infrastrukturen i Conakry har heile tida vore prega av den lokaletopografien, samt den relative isolasjonen frå fastlandet. Byen er plassert på staden, då det var til fordel for kolonimaktene.[4]

I 1970 gjorde Det afrikanske partiet for sjølvstende til Guinea og Kapp Verde (PAIGC) i grannelandet Portugisisk Guinea (dagensGuinea-Bissau) opprør mot detportugisiske kolonistyret. Opprøret råka Guinea òg, då 350 portugisiske soldatar og guineanskedissidentar gjekk i land nær Conakry, angreip byen og sette fri 26 portugisiskekrigsfangar som vart haldne av PAIGC. Til sist gjorde dei portugisiske styrkane retrett, etter dei hadde mislukkast med å styrte regjeringa.[5]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. http://www.citypopulation.de/Guinea.html
  2. Histoire de Conakry
  3. Patrick Manning. Francophone Sub-Saharan Africa, 1880-1995, Cambridge (1998)
  4. For the urban infrastructure and its history, seeM. Dian DIALLO. Street Addressing And Basic Services In Conakry, Guinea. Presented at the Urban Forum/World Bank - Washington, D.C. - 2–4 April 2002.
  5. «Cloudy Days in Conakry».Time. 7. desember 1970. Arkivert 2010-12-01 vedWayback Machine.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Conakry&oldid=3482304»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp