Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Coel Hen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Coel Hen

Framstilling av Coel frå 1400-talet i einwalisiskspråkleg versjon avGeoffrey of Monmouth sitt verkHistoria Regum Britanniae
Opptrer iHistoria Regum Britanniae
LandHen Ogledd
Ektefellewife of Coel Hen
BarnGarbanion ap Coel Hen,Ceneus,Cwyllog,Gwenafwy,Peithien,Gwawl ferch Coel Hen,Helena av Konstantinopel

Coel (gammalwalisiskCoil), også kallaCoel Hen (Coel den gamle) ogKing Cole, er ein viktig figur i walisisk litteratur og ein sogefigur frå britisk mellomalder. Tidleg walisisk tradisjon hadde ein Coel Hen, ein leiar kring 300-talet iromersk eller like etter romersk tid i Storbritannia som var opphav til fleire kongeslekter i Yr Hen Ogledd ('det gamle nord'), denbrittonsk-talande delen av det som no erNord-England og Sør-Skottland.

Seinare mellomaldersoger fortel om ein Coel som ein meiner er avleidd frå Coel Hen. Han skal ha vore far tilheilage Helena, og gjennom henne bestefaren til den romerske keisarenKonstantin den store.

Andre figurar med liknande namn kan forvekslast eller blandast med den walisiske Coel. Nokre meiner sogekongen «King Coel» er det historiske grunnlaget for den utbreidde barneregla «Old King Cole», men dette skal vera usannsynleg.[1]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Opie and Opie, p. 6: "Because there is said to have been a Prince Cole in the third century A.D.... it does not follow that the song 'Old (or Good) King Cole' dates back to that period, even in the unlikely event of it referring to this chieftain."

Litteratur

[endre |endre wikiteksten]
  • Bensusan-Butt, John (2009).Essex in the Age of Enlightenment. Lulu.com.ISBN 978-1445210544. 
  • Bromwich, Rachel (2006).Trioedd Ynys Prydein: The Triads of the Island of Britain. University of Wales Press.ISBN 0-7083-1386-8. 
  • Henry of Huntingdon (1996). Greenway, Diana, red.Historia Anglorum: The History of the English People. Oxford University Press.ISBN 0-19-822224-6. 
  • Harbus, Antonina (2002).Helena of Britain in Medieval Legend. D. S. Brewer.ISBN 0859916251. 
  • Koch, John T. (2006).Celtic Culture: A Historical Encyclopedia. ABC-CLIO.ISBN 1-85109-440-7. 
  • MacQuarrie, Alan (1993). «The Kings of Strathclyde : c.400 - 1018». I Grant, A.; Stringer, K.Medieval Scotland : Crown, Lordship and Community : essays presented to G.W.S.Barrow. Edinburgh University Press. s. 1–19.ISBN 9780748611102. 
  • Morris, John (1973).The Age of Arthur. Weidenfeld & Nicolson. 
  • Opie, I.; Opie, P. (1997).The Oxford Dictionary of Nursery Rhymes. Oxford University Press. 
  • Geoffrey of Monmouth (1966). Thorpe, Lewis, red.The History of the Kings of Britain. Penguin.ISBN 0-14-044170-0. 
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Coel_Hen&oldid=3390892»
Kategoriar:
Gøymd kategori:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp