Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Clutha District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Clutha District
distrikt
Tokomairiro presbyterianske kyrkje i Milton
Land New Zealand
RegionOtago
Areal6 362,86 km²
Folketal 17 400  (2009[1])
Kart
Clutha District
46°05′S169°33′E / 46.09°S 169.55°E /-46.09; 169.55
Kart som viser Clutha District.
Kart som viser Clutha District.
Kart som viser Clutha District.
Wikimedia Commons: Clutha District

Clutha District er eit administrativtdistrikt iregionenOtagoSørøyaNew Zealand.Administrasjonssenteret held til i byenBalclutha. Clutha District har ei flatevidde på 6 362,86 km², og vedfolketeljinga i 2006 var folketalet 16 839. Clutha District dekkjer det meste av området som er kjent somSouth Otago.

Geografi

[endre |endre wikiteksten]
Øvre Clutha Valley

Landskapet i Clutha District er dominert av dalen somClutha-elva renn gjennom; han går søraust frå innsjøane iCentral Otago, deler Clutha District i to og renn ut iStillehavet ikkje langt fråKaitangata. Sør for denne ligg det ulendte landskapet iThe Catlins, medskogar og oppreven kystlinje. Nord for Clutha valley er det for det meste bølgjande bakkelandskap, med elvesletta tilTokomairiroelva i nordaust, saman medWaiholasjøen ogWaiporisjøen, som er ein del avnedslagsfeltet tilTaieri-elva.Waiporielva, som er den største tilførsleelva til Taieri, dannar den nordaustlege grensa til Clutha District.

Administrasjon

[endre |endre wikiteksten]
Balclutha

Clutha District er administrert av Clutha District Council, som har sete i Balclutha. På regionalt nivå er administrasjonen underlagtOtago Regional Council, med sete i Dunedin.

Clutha District var tidlegare samansett av tre skildecounty, Clutha, Bruce og Tuapeka, og toboroughs, Balclutha ogMilton. Desse vart slegne saman til eit distrikt i1989 i samband med den nasjonale reorganiseringa av lokalstyret.

Bruce, eit område kring Milton, med tillegg av Tokomairiro Plains, hadde ei flatevidde på 1 357 km². Det omfatta busetnadaneWaihola,Milburn ogWaitahuna. Clutha, som omfatta elvedeltaet til Clutha River, og som strekte seg sørover til Catlinskysten, hadde an ei flatevidde på 2 664.5 km². Det omfatta busetnadaneKaitangata,Stirling,Owaka ogBenhar. Resten av området, Tuapeka, låg kringLawrence, omfatta dalane innover i landet frå Clutha River og tilførsleelvene,Pomahaka River ogTuapeka River. Det hadde ei flatevidde på 2 323 km².

Innbyggjarar

[endre |endre wikiteksten]

For statistiske føremål er dei tidlegare inndelingane til Bruce, Clutha og Tuapeka County enno i bruk avStatistics New Zealand, som brukar dei tidlegare grensene til Balclutha og Milton Boroughs. Vedfolketeljinga i2006 var folketalet i dei tre tidlegarecounties høvesvis 2 658, 3 255 og 1 761.

Den mest folkerike byen i Clutha District erBalclutha, som ligg 81km sør forDunedin. Balclutha hadde ved folketeljinga i 2006 4 062innbyggjarar (attende frå 4 137 i 1996). Andre byar og tettstadar erMilton (pop. 1 887),Kaitangata (pop. 810),Tapanui (pop. 744),Lawrence (pop. 432),Owaka (pop. 327),Stirling (pop. 309),Clinton (pop. 291),Kaka Point (pop. 201) ogBenhar (pop. 96). I ein periode på 1980-talet var Balclutha den mest velståande byen på New Zealand, rekna per innbyggjar.

Dialekt

[endre |endre wikiteksten]

Ein kan skilja innbyggjarane i Clutha District og i regionen Southland frå andre newzealendarar på at dei brukarrulle-r. Dette er ein rest frå dengæliske avstamminga hos mange av nybyggjarane her, som kom fråSkottland ogIrland.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Estimat 30. juni 2009,Statistics New Zealand

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Byar (Cities)
Nordøya
Sørøya
Territorium, autonome
område og biland
¹Sameint styresmakt. ²Sjølvstyre, i fri assosiasjon med New Zealand. ³Antarktisk biland, administrert av New Zealand.
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Clutha_District&oldid=3391402»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp