Cleveland er ein by i delstatenOhio iUSA. Byen ligg i det nordaustre Ohio, ved sørbreidda avEriesjøen og munningen avCuyahoga-elva. Cleveland er administrasjonssentrum iCuyahoga County, og den nest største byen i Ohio med 478403 innbyggarar (2000).
Cleveland vart grunnlagt 22. juli 1796 ved utløpet avCuyahoga-elva, etter at ei gruppe nybyggarar under leiing av Moses Cleaveland kjøpte landet av urfolket. Landmålarane fråConnecticut Land Company som målte oppWestern Reserve til byar kalla hovudbyen «Cleaveland» etter leiaren sin.[1] Moses Cleaveland hadde oppsyn med byplanen i sentrum av byen, rundt plassenPublic Square. Deretter vende han heim til tilConnecticut, og vitja aldri Ohio igjen.[1] Den første permanente nybyggjaren i Cleaveland varLorenzo Carter, som byge ei hytte ved breidda av Cuyahoga.[2] Cleaveland fekk status som landsby 23. desember 1814.[3]
Stavemåten utan e vart teken i bruk av den lokale avisaThe Cleveland Advertiser i 1831. Dette vart etterkvart det offisielle namnet.[4] I 1836 fekk Cleveland, på austbreidda av Cuyahoga, offisiell status som by.[3] Same året braut det nesten ut valdeleg konflikt medOhio City på andre sida av elva om ei bru mellom dei.[5] Ohio City blei verande eit sjølvstendig område fram til det vart del av Cleveland i 1854.[3]
Etter atOhioelva vart forbunden med Eriesjøen med ein kanal i 1832 tok Cleveland til å vekse, då vart byen eit knutepunkt for trafikken mellomDei store sjøane ogMississippielva.
Ohio vart etterkvart sentrum for ein storkol- ogstålindustri.John D. Rockefeller bygde opp formuen sin i Cleveland, og i 1920 var byen voten til den femte største byen i USA.
Etterandre verdskrigen følgde ein periode med velstand for Cleveland. På 1960-talet tok industrien til å få problem, og mange flytta ut av byen tilforstadane. Det kom og til raseopptøyar i Cleveland i 1966 og 1968.
I 1978 greidde ikkje byen låna sine lenger, og vart med det den første store amerikanske byen sidandepresjonen som gjekkkonkurs.
Det demokratiske partiet har alltid stått sterkt i Cleveland. Demokraten Frank G. Jackson har vore borgarmeister i byen i ei årrekkje.[6] Borgarmeisteren har stor makt, og kan i stor grad handle utan å legge saker fram for bystyret. Cleveland var den første større byen i USA som hadde ein svart borgarmeister,Carl B. Stokes (1968-71).
Cleveland har tradisjonelt vore eit sentrum forstålindustri og eksport. Plasseringa ved Eriesjøen ogCuyahogaelva har gjort byen til eit samferdsleknutepunkt. Dei siste åra har nedgangen i amerikansk industri ramma byen, men ein oppgang i servicenæringane har til ei viss grad kompensert for dette.
På 2000-talet har Cleveland satsa tungt på høgteknologi som forsking påbrenselceller ogbioteknologi. Dei mange universiteta i byen er ein viktig brikke i dette miljøet. Offentlege styresmakter har satsa mykje på å bygge ut ein moderne infrastruktur fortelekommunikasjon for å tiltrekke seg nye selskap i høgteknologiske bransjar.
↑Bourne, Henry E. (1896).«The Story of Cleveland».New England Magazine14 (6): 744. «It was agreeable to the wishes of many of our oldest and most intelligent citizens, who are of the opinion that the 'a' is superfluous.»