Glasgow (gæliskGlaschu) er den største byen iSkottland og den tredje største iStorbritannia. Han ligg ved elvaClyde i den vestlege delen av det sentrale Skottland og utgjer saman med fleire mindre landsbyar regionenCity of Glasgow.
I 1960-åra hadde han eit folketal på heile 1,1 millionar, og var då den fjerde største byen iEuropa, etterLondon,Paris ogBerlin. Dei seinare åra har innbyggjartalet vorte nesten halvert, på grunn av blant anna endringar av bygrensene og generell nedgang i folketalet.Stor-Glasgow hadde ca 1,1 million innbyggjarar i 2004. I dag er byen kjent som den kommersielle hovudstaden i Skottland og er det tredje største turistmålet i Storbritannia etter London og Edinburgh.
Byen er har òg ei rekkje utdanningsinstitusjonar, mellom anna fire universitet som alle ligg innan 16 kilometer frå bysentrum:
Leilegheitsbygg i raud sandstein som er typisk for dei eldre bustadstrøka i Glasgow.Det nye kurs- og konferansesenteret som ligg ved elvebreidda tilClyde. I bakgrunnen kan ein sjå ein av heisekranene som vart brukt til å heise lokomotiv ombord i båtar, som i dag står som eit symbol på ei tidlegare stordomstid.Buchanan Street er ei av hovudgatene i Glasgow. Til høgre kan ein skimta statuen avDonald Dewar.
Namnet kjem fråskotsk gæliskglas gu, som tyder «grøn senking».Glas gu er første gongen funne i kjelder frå 1116, men før dette hadde busetjinga namnetCathures, som var eitkumbrisk namn. Det moderne namnet har framleis eit visst hald då byen har over 70 parkar, den eldste erGlasgow Green som er frå 1400-talet.
Staden der Glasgow ligg har vorte brukt som bustad frå førhistorisk tid på grunn av at det var ein eignavadestad over Clyde, noko som òg gjorde at det var ein naturleg stad forlaksefiske. Byen vart grunnlagt avKentigern av Glasgow på 500-talet. Kentigern fekk òg bygd ei kyrkje i området. Denne kyrkja ligg på same stad som katedralen ligg i dag. Glasgow var i mellomalderen det nest størstebispedømet i Skottland. Byen voks opp gjennom mellomalderen og skipinga av University of Glasgow i 1451 og oppgraderinga av bispedømmet til erkebispedømme førte til at byen fekk større religiøs og utdanningsmessig tyding.
Etter atSkottland ogEngland (medWales) inngjekkAct of Union i 1707, som førte til skipinga av kongedømmetStorbritannia, fekk Skottland tilgjenge til store marknader iDet britiske imperiet. På grunn av at Glasgow hadde gode hamner vart byen ein viktig handelsby for internasjonal handel medtobakk,sukker ogbomull til Amerika. Særleg viktig var det at Glasgow, i motsetnad til andre skotske hamnebyar somDundee ogAberdeen, hadde enkel tilgjenge tilAtlanterhavet. Fleire av dei viktigaste gatene i Glasgow er kalla opp etter handelsfolk som vart rike på handel med tobakk fråkoloniane i Amerika fram tilden amerikanske sjølvstendekrigen starta i 1775. Etter dette vart handelen konsentrert om dei britiske koloniane iKaribia.
På byrjinga av 1700-talet vitja forfattarenDaniel Defoe Glasgow og uttalte at byen var «den finaste og best bygde byen i Storbritannia, med unntak avLondon». På denne tida var folkesetnaden til byen rundt 12 000 og hadde enno ikkje gjennomgått dei store omveltingane somopplysingstida og den industrielle revolusjonen førte med seg.
Etter industrialiseringa produserte Glasgow blant annatekstilar ogstål som vart eksportert. Etter atMonkland-kanalen vart opna i 1791 fekk byen enkel tilgjenge påjernmalm ogkol frå gruver iLanarkshire. Etter eit omfattande arbeid med å mudre opp Clyde vart skipsbygging ein stor industri langs elva og fleire kjende skip har vorte bygd i og rundt Glasgow, som til dømesRMS «Lusitania»,RMS «Queen Elizabeth»,RMS «Queen Elizabeth 2» og det kongelege skipetHMY «Britannia». Byen hadde òg ein omfattande industri som bygdelokomotiv. Glasgow passerteEdinburgh som den største byen i Skottland i 1821 og vart omtalt som «the Second City of the Empire» («Den andre byen i riket»), der den første byen var London. På denne tida vart fleire av dei mest markante bygningane og infrastrukturen i Glasgow bygde opp, byen fekk blant anna undergrunnsbane,Glasgow undergrunnsbane, i 1896. Det vart òg bygd einakvedukt fråLoch Katrine til byen i 1859 som forsynte, og framleis forsyner, innbyggjarane med drikkevatn.
Frå 1840-åra og utover kom mangeirske tilflyttarar for å søkja lukka i Glasgow. Det var særleghungersnauden i slutten av 1840-åra som førte til stor tilflytting, og saman med seinare tilflytting frå Irland har Glasgow ein storkatolsk folkesetnad. Den irske påverknaden i byen er framleis synleg, til dømes gjennom fotballagetCeltic FC.
1900-talet førte med seg både nedgangstider og gjenoppbygging av byen. Etterførste verdskrigen leid Glasgow av dei økonomiske nedgangstidene som følgde. Dette førte til ein auke i den radikalesosialismerørsla og ei rørsle kalla «Red Clydeside» vart skapt. Denne rørsla kjempa blant anna for lågare husleige i dei ofte overfylte og forureina bustadstrøka, og dessutan 40 timar arbeidsveke, i denne perioden var det fleire omfattandestreikar. Den 31. januar 1919 braut det ut opptøyar i sentrum av byen og så mykje som 90 000 menneske var samla. I frykt for einbolsjevikliknande revolusjon, og medden russiske revolusjonenen ognovemberrevolusjonen iTyskland friskt i minnet, sende styresmaktene inn soldatar ogstridsvogner frå England. Ein ville ikkje sende inn skotske troppar på grunn av at ein frykta at desse kunne sympatisere med opprørarane, difor vart skotske troppar som var i byen nekta å forlate brakkane. Fleire, òg kvinner og born, vart skadde i opptøyane og fleire av dei antekne leiarane vart arrestert og seinare dømde til fleire månader i fengsel.
Tilhøva i byen betra seg fram mot utbrotet avandre verdskrigen og voks på dei økonomiske oppgangstidene som følgde etter slutten av krigen. På 1960-talet opplevde likevel byen at aukande konkurranse frå land som Tyskland ogJapan førte til at fleire av dei store industriverksemdene i byen tapte inntekter. Som eit resultat av dette gjekk Glasgow inn i ein lengre periode med økonomisk nedgang, høgare arbeidsløyse, forfall, folketalsnedgang, aukande helsemessige problem og stort press på velferdsgoda. Fleire forslag om korleis byen skulle gjenskape sin gamle stordom vart fremja. Éit av desse forslaga gjekk ut på å rive ned store delar av bygningane i sentrum av byen for å skape eit meir straumlinjeforma sentrum, men dette vart ikkje teke til følgje. Likevel vart store delar av bustadområda nær sentrum rivne på grunn av at desse hadde utvikla seg til å blislumområde.
Til saman vart omkring 750 000 av innbyggjarane i byen flytta til nye byar som vart oppretta i utkantstrøka. Døme på slike byar erCastlemilk,Drumchapel ogEasterhouse. Fleire av dei nye byane låg utanfor bygrensene. Denne utflyttinga er mykje av bakgrunnen for det, tilsynelatande, dramatiske fallet i innbyggjarar som Glasgow opplevde frå omkring ein og ein halv million innbyggjarar på 1930-talet til omkring 600 000 i dag.
Frå1990-talet og utover opplevde byen igjen økonomisk framgang. Denne framgangen kom blant anna på grunn av auka turisme, som igjen delvis skuldast at byen varteuropeisk kulturhovudstad i 1990. Styresmaktene pussa bokstaveleg talt opp fasaden til byen ved å sandblåse gamle bygningar som var vorte svarte av årevis med forureining. Dette førte til at dei sentrale bystrøk vart meir populære som buområde, noko som igjen førte til eit meir levande sentrum. Særleg har områda rundt Clyde vorte modernisert. Desse områda bestod hovudsakleg av industriområde som hadde lege brakk over lengre tid på grunn av nedgangstidene. Dei seinare åra har fleire omfattande leilegheitskompleks vorte bygd langs elva, i tillegg til ei rekkje kontorbygg. Langs elva ligg i dag òg eit stort kurs og konferansesenter, som òg er ein mykje brukt konsertarena, ogGlasgow Science Centre.
Byvåpenet til Glasgow tek opp mange av mirakla somKentigern av Glasgow skal ha utført.
Byvåpenet til Glasgow vart godkjent avLord Lyon King of Arms den 25. oktober 1866. Det inneheld ei rekkje symbol og emblem som har samanheng med livet til vernehelgenen til GlasgowKentigern og som hadde vorte brukt som offisielt segl før 1866. Emblema symboliserer mirakel som Kentigern skal ha utført.
Nedst i byvåpenet står mottoa til byenLeit Glasgow Flourish (la Glasgow blomstre). Dette skal stamme frå ei preike halden av Kentigern.
Byen har òg fleire museum, det fremste erKelvingrove Art Gallery and Museum, som er den best vitja turistattraksjonen i Skottland. Museet ligg på vestsida av byen like ved University of Glasgow.