Den portugisiske cisterna El Jadida i Marokko.Moderne sisterne.
Cisterne ellersisterne (latincisterna, som er avleidd fråcista, som tyder kiste/kasse, som igjen kjem frå det greske ordetkistê, som tyder kurv) er eit ilåt for ei væske, vanlegvisvatn. Cisterner vert oftast bygd for å samle inn og lagre regnvatn. Cisterner skil seg gjerne frå brunnar ved den vasstette kledninga. Moderne cisterner har kapasitet frå å halde på nokre få liter til å vere store vasstankar som kan halde fleire kubikkmeter, noko som gjer dei tilvassreservoar.
Cisterner tetta medgips ogkalk er avdekt ineolittiske landsbyer iMidtausten, til dømes vedRamad ogLebwe,[1] og ved slutten av 3000-talet fvt., som vedJawa i nordaustlegeLibanon, var cisterner vesentlig nyskapande teknikkar for vasshandtering i varme og tørre jordbrukssamfunn.[2]