Cincinnati er ein by i delstatenOhio i det austlegeUSA. Han omfattar eit areal på 206 km og har om lag 297 000 ibuarar (2010), og er dermed den tredje største byen i delstaten. Cincinnati er administrativt senter forHamilton County.
Byen ligg lengst sørvest i delstaten Ohio, ved åmotet mellomOhioelva og den mindre elva Licking. Han er del av ein større byregion,Cincinnati–Middletown, som strekkjer seg inn iKentucky ogIndiana.
Cincinnati vart grunnlagd i 1788 og var den fyrste større byen som voks fram etterden amerikanske revolusjonen. Han voks mykje utover på 1800-talet, men etter atjarnbaner vart lagt vestover i USA, måtte Cincinnati sjå seg forbigådd i vekst av andre innlandsbyar somChicago ogSaint Louis. Frå 1960-talet har folketalet gått tilbake med rundt 25 % i sjølve byen. Etter 1970 har det også vore tendensar til stagnasjon og tilbakegang også i heile byregionen.
Byen er eit viktig transportknutepunkt for veg, jarnbane og flyruter, i tillegg til å ha ei av dei største innlandshamnene i USA. Ein har særleg drive med transport av kol, jern og trevirke. Utanrikshandelen har også blitt viktig for økonomien i byen fram mot 2000-talet.Combs-Hehl Bridge over Ohio-elva bind byen saman medCampbell County i Kentucky.
Cincinnati har ein mangesidig industri som mellom anna omfattar produksjon av maskinverktøy, såpe, spelkort, kjemikalium, bil- og flydelar, motorar, tekstil, konfeksjon og møblar. Grafisk industri, store slakteri, brennerier og bryggjeri er også økonomisk viktige.