Christina Aguilera (fødd18. desember1980) er ein USA-amerikansk musikar som skriv eigne songar og syng dei innan musikkstilar somdance,R&B,jazz,soul ogpop.
Christina Aguilera vart fødd iStaten Island idelstaten New York iUSA. Som ung opptredde ho i mange talentkonkurransar. Då ho vart 12 år fekk ho endeleg vere med i «The Mickey Mouse Club» saman med utøvarar somJustin Timberlake ogBritney Spears. Der vart ho kalla «Den litle jenta med den store stemma».
I 1999 fekk ho sitt store gjennombrot med megahiten «Genie In A Bottle». Det same året gav ho ut debutalbumetChristina Aguilera. Frå dette albumet kjem også «Come on over», «I turn to you» og «What A Girl Wants».
Året etter gav Aguilera ut to album, eitspanskspråkleg album som heitteMi Reflejo og eitjulealbum som heitteMy Kind Of Christmas. Men etter dette vart det stille frå songaren ei lita stund før ho i 2002 sjokkerte alle med sin nye stil. Ho hadde blitt meir vaksen og byrja å spele meir påsex. Singelen var henta frå albumetStripped. Seinare kom også singelen «Beautiful». Her syng Christina: «I am beautiful no matter what they say. Words can't bring me down...» Songane «Fighter», «Can't Hold Us Down» og «The Voice Within». Men det var ein song som mange la ekstra merke til på dette albumet. Det var songen «I'm Ok». Her syng Christina om korleis faren behandla dei då ho var ung. «Bruises fade father, but the pain remains the same. And I still remember how you kept me so afraid. Strength is my mother for all the love she gave. And every morning that I wake I look back at yesterday. And I'm okay».
I 2006 var det klart for eit nytt album frå Aguilera, nemleg med dobbeltalbumetBack To Basics. Her handla mange av tekstane om Jordan, mannen ho gifta seg med i november det same året. «Ain't No Other Man», «Hurt» og «Candyman» er singlar for dette albumet.