Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Chris Pyne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chris Pyne
Fødd14. februar1939
FødestadBridlington
Død12. april1995 (56 år)
DødsstadLondon
OpphavStorbritannia
Sjangerjazz
Instrumenttrombone
Verka somjazzmusikar

Christopher Norman «Chris» Pyne (14. februar193912. april1995) var ein engelskjazztrombonist.

Pyne var den eldre broren tilMick Pyne, og spelte piano før han byrja å spele trombone. Han spelte medFat John Cox (1963),Alexis Korner'sBlues Incorporated (1964–65),John Stevens's Spontaneous Music Ensemble (1965–66), ogLondon Jazz Orchestra før han byrja å arbeide medHumphrey Lyttelton i 1966, som han spelte med fram til 1970. Samstundes spelte han inn musikk medJohn Dankworth (1967),Ronnie Scott (1968) ogStan Tracey (1968–70). Pyne spelte medMike Gibbs av og på frå 1967 til 1979, og turnerte med banda tilFrank Sinatra mellom 1970 og 1983. I tillegg var han i sekstetten tilJohn Taylor mellom 1971 og 1981.

Andre artistar Pyne spelte med i 1970-åra varKenny Wheeler (1969, 1973),John Surman (1970),Philly Joe Jones,Maynard Ferguson,Tony Coe (1976),Bobby Lamb,Ray Premru (1971),Ronnie Ross,Barbara Thompson, John Stevens igjen (1970–71),Norma Winstone (1971), Dankworth igjen (1972), ogAlan Cohen (1972). Pyne turnerte medGordon Beck i 1982 og var iSurman's Brass Project frå 1984 til 1992. Seinare i livet spelte han i storbandet tilCharlie Watts.

Diskografi

[endre |endre wikiteksten]

Som sidemann

[endre |endre wikiteksten]

MedMichael Gibbs

  • Michael Gibbs (Deram, 1970)
  • Tanglewood 63 (Deram, 1971)
  • Just Ahead (Polydor, 1972)
  • Directs the Only Chrome-Waterfall Orchestra (Bronze, 1975)

MedStan Tracey

  • We Love You Madly (Columbia, 1969)
  • Genesis (Steam, 1987)
  • We Still Love You Madly (Mole Jazz, 1989)

MedKenny Wheeler

Med andre

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Chris_Pyne&oldid=3385779»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp