Chris Jespersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. oktober1983 (41 år) Etne kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 2014,Ski-VM 2015 |
Chris André Jespersen (fødd 18. oktober 1983) er ein norsk langrennar fråSkånevik iHordaland som vart nummer to i Tour de Ski 2013/14. Han var medlem av idrettslaget Korlevoll-Odda til 2007, dei neste fem sesongane representerte hanByåsen Idrettslag. Frå 2012 er han atter medlem i Korlevoll-Odda.
Jespersen vart juniorverdsmeister på 30 km friteknikk i 2003, framom russarane Aleksej Petukhov og Jevgenij Dementjev. Som senior trong han mange år før han kunne ta opp kampen om dei beste plasseringane. Den 24. februar 2008 gjekk han ein etappe på det norske andrelaget som vann verdscupstafetten iFalun framom det norske fyrstelaget. Under NM på ski 2008 deltok han på Byåsen sitt vinnarlag på 3x10 km stafett.
I 2011 tok Jespersen sølvmedaljen på 50 km under NM iTromsø, hans einaste individuelle medalje. Den 14. desember 2013 oppnådde han si beste plassering i eit enkelt verdscuprenn då han kom på andreplass i 30 km friteknikk iDavos. Tre veker seinare imponerte han med å verte nummer to i Tour de Ski 2013/14, slått einast av landsmannenMartin Sundby. IVinter-OL 2014 iSotsji vart Jespersen nummer seks og beste nordmann på 15 kilometer.