Flaggermus,kveldskingler ellerskinnvengjer (Chiroptera) er einorden med små, flygandepattedyr. Dette er dei einaste pattedyra som kanflyge aktivt ved å slå med vengjene. Fleire andre pattedyr kan glideflyge, men ikkje flyge i eigentleg forstand. Systergruppa til flaggermus erZooamata.
Det er skildra kring 950artar med flaggermus, men ein reknar med at det finst kring 1100. Meir enn 1/7 av alle pattedyrartane på jorda er flaggermus. Artane er fordelte på 17familiar[1] som er delte inn i dei to hovudgruppeneflygehundar (Megachiroptera), som primært lever avfrukt og/ellernektar som dei luktar seg fram til, ogsmåflaggermus (Microchiroptera), som primært lever avinsekt, smådyr,blod eller nektar.
Flaggermus er stort sett anten småmuseliknande ellerhundeliknande pattedyr medpelskledd kropp. Flygehuda på vengjene er stort sett utan hårvekst. Vengjene er samansette av eit dobbelt hudlag som er spent mellom kroppen og dei lange fingrane. Mellom hudlaga går det nervar og blodårer. Vengespennet varierer mykje frå art til art, frå 15cm til 1,5meter. Flaggermus har skarpe tenner og kan ete opp mot 3 000 insekt i løpet av ei natt.
INoreg er det registrert tretten artar som alle høyrer tilglattnaseflaggermusa (Vespertilionidae) og høyrer heime mellom småflaggermusa. Norske og europeiske artar lever av insekt.
Flaggermus er helst nattaktive. Berre unntaksvis kan ein sjå flaggermus flyge på dagtid, sjølv om nokre artar òg er dagaktive. Dette er helst tropiske artar. Flaggermus kviler hengande etter bakbeina, med hovudet vendt nedover. Dette gjer at dei kjapt kan kome på vengjene. Det er observert at flaggermus alltid tek til venstre når de flyg ut av ei hòle.
Fingrane til flaggermus er tynne og sterke, og forbundne med kvarandre med tynn hud. Mellom den femte fingeren, kroppen og beina er det òg tynn hud. Alle dei heimlege flaggermusene våre har flygehud mellom beina og halen. Flaggermus som sit på bakken, kan lette utan å fyrst klatre opp til eit startpunkt. Ho spenner frå med venger og bein. Flaggermusa kan ikkje gli på stive vengjer, somfuglane kan, men må slå kontinuerleg med vengjene for å oppretthalde oppdrifta.
Fordi europeiske flaggermus lever av insekt, får dei vanskelegheiter når vinteren kjem og insekta forsvinn. Difor går dei idvale. Når dei går i dvale søkk pulsen frå kring 500 slag i minuttet til berre eitt slag i minuttet. Ved normal aktivitet har flaggermusa ein kroppstemperatur opp mot 40 graderCelsius, men når dei går i dvale søkk temperaturen til nærare 0 grader. Då må dei tære på feittlaget dei har opparbeida. Dei kan miste opptil ein tredjedel av den vekta dei hadde før dvalen. Difor er det viktig at dei får i seg nok næring i sommarhalvåret. Dvalen varer i cirka 6-7månader. Dei som går i dvale fyrst er oftast dei eldre hoene, så dei vaksne hannane, og deretter året ungar. Ungane kjem til slutt fordi dei ikkje har rokke å vakse seg ferdige og må leggje på seg meir.
Flaggermus er helst nattaktive og orienterer seg medekkolokalisering (òg kallabiosonar), på liknande måte somtannkvalar. Somme nektardrikkande flaggermus kan òg sjåUV-lys om natta. Denne eigenskapen nyttast mellom anna til å finneblomar med.
Når flaggermusa flyg, sender ho ut høgfrekvente lydar (ultralyd) kallasonarskrik ellerorienteringsskrik. Lyden støyter dei ut med vengjeslaga, så ein kan hevde at små flaggermus, som må slå ofte med vengjene, har kortare intervall mellom skrika enn dei store flaggermusene. Ulike artar nyttar òg ulike orienteringsskrik, tilpassa sitt miljø. Når lyden blir reflektert, dannar flaggermusa eit bilete ved hjelp av ekkosignala. Orienteringsskrika ligg i området 20-100kHz, høgarefrekvensar enn kva menneske kan oppfatte. Dei minste artane har dei mest frekvente skrika. Eksempelvis hardvergflaggermus eit orienteringsskrik på ca. 55 kHz, medan den størretrollflaggermusa sitt skrik ligg på ca. 38 kHz. Flaggermus kan likevel i ei viss grad endre på (tilpasse) skrika sine, til dømes gjennom å gjere dei meir høgfrekvente når dei må navigere i vanskeleg terreng (til dømes iskog), og meir lågfrekvente i lett terreng (til dømes overvatn). Under søk sender flaggermusa ut orienteringsskrika i ulike retningar ved å vri på hovudet som regel gjennom nasen eller munnen.
Dei fleste flaggermusartar trivst best itropisk ellersubtropisk klima, og berre eit fåtal artar er utbreiddetemperert klima. Jo lengernord ellersør ein kjem, jo mindre vert artsrikdommen. I Noreg finst berre nokre få artar, og iTroms ogFinnmark er berre éin art registrert.
Dei fleste artane held seg bortgøymde i sprekker, grotter og små holrom på dagtid, noko som gjer at dei er vanskelege å studere. Flygehundane er derimot ofte aktive på dagtid òg.
Flaggermus har truleg utvikla seg frå dyr med liknande rørslemønster. Allereie for meir enn 50millionarår sidan levde flaggermus som nolevande artar. Dei utvikla seg frå insektetande dyr.
Det er registrert tretten flaggermusartar i Noreg, men det er usikkert om alle framleis finst her. Slekter og artar listast nedanfor i alfabetisk rekkefølgje etter vitskaplege namn.
Flaggermusa har i europeiske kulturar lenge vore knytte til hekseri, svart magi og mørker. I Shakespeare-stykketMacbeth bruker heksene flaggermus som ingrediensar i brygga sine.[2]
Flaggermusa er heilag påTonga og blir ofte sett på som den fysiske manifestasjonen av sjela.[3] Flaggermus er knytte til vampyrar, som det seiast skal kunne forvandle seg til ei flaggermus, ein ulv eller til tåke. Flaggermus er også symbol for spøkelse, daude og sjukdom.