Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Chemnitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chemnitz
Kamjenica
Saská Kamenice
by
Våpenskjold
Land Tyskland
StatSachsen
RegionChemnitz
LandkreisKreisfri by
Høgd267–523 m
Areal221,05 km²
Folketal 250 681(31. desember 2023)
Postnummer09001-09247
Retningsnummer0371
BilnummerC
Kart
Chemnitz
50°50′00″N12°55′00″E / 50.833333333333°N 12.916666666667°E /50.833333333333; 12.916666666667
Wikimedia Commons: Chemnitz

Chemnitz (sorbiskKamjenica,tsjekkiskSaská Kamenice) er ein by iTyskland idelstatenSachsen med om lag 250 000 innbyggjarar. Byen ligg ved foten avErzgebirge, og er kalla opp etter elvaChemnitz, ei lita sideelv tilZwickauer Mulde. Ordet Chemnitz kjem fråsorbisk og tyder «steinete elv»

Historie

[endre |endre wikiteksten]
Chemnits mellom 1890 og 1905.
Byste av Karl Marx.
Foto: Reinhard Höll

Ein tidlegslavisk busetnad nær Chemnitz var kallaKamienica. I 1143 var det eitbenediktinarkloster der byen er i dag. Ein busetnad voks fram rundt klosteret og rundt 1170 vart byen gjort tilfri keisarby avFredrik I av Det tysk-romerske riket. I 1307 kom byen inn undermarkgrevskapet Meissen (som var ein føregangar til staten Sachsen). I mellomalderen vart Chemnitz eit senter for tekstilproduksjon og handel. Meir enn ein tredjedel av folkesetnaden arbeidde i tekstilindustrien, og slik var det fram tilden industrielle revolusjonen. Fabrikkar vart bygd og tidleg på 1800-talet hadde Chemnitz vorte eit industrisenter (stundom kalla «Sachsen sitt svar påManchester»). I 1913 hadde Chemnitz eit folketal på 320 000 innbyggjarar, og er ein av få byar som var større på den tida enn i dag. I 1938 hadde Chemnitz 360 000 innbyggjarar.

Underden andre verdskrigen låg det ein underleir avFlossenburg konsentrasjonsleir her. Dei 500 kvinnelege fangane varslavearbeidderar forAstra-Werke AG.[1] Under krigen produserte fabrikkane i Chemnitz hovudsakleg varer for militæret, og vart av den grunn kraftig bombardert og nesten heilt jamna med jorda.

Denausttyske regjeringa valde å gjere Chemnitz til ein sosialistisk mønsterby. Bydelar fulle med betongbygningar vart reist rundt sentrum av byen, og få av bygningane før krigen vart gjenreist. I 1953 vart Chemnitz gjeve namnetKarl-Marx-StadtKarl Marx By»). Han fekk tilbake det gamle namnet sitt 21. juni 1990.

Chemnitz har visstnok den lågaste fødselsraten i verda.[2]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Edward Victor.Alphabetical List of Camps, Subcamps and Other Camps.http://www.edwardvictor.com/Holocaust/List%20of%20Camps.htm
  2. http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/europe/4793997.stm

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Chemnitz
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Chemnitz&oldid=3595656»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp