Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Chelmsford

Koordinatar:51°44′N0°28′E / 51.733°N 0.467°E /51.733; 0.467
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen omhandlar om byen Chelmsford i England. For andre tydingar, sjåChelmsford (fleirtyding).

Chelmsford

Chelmsford's Shire Hall
Chelmsford's Shire Hall
Chelmsford's Shire Hall
Plassering
Chelmsford is located in
Styresmakter
Land Storbritannia
Konstituerande land England
GrevskapEssex
DistriktChelmsford
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

103 783
Koordinatar51°44′N0°28′E / 51.733°N 0.467°E /51.733; 0.467
Diverse annan informasjon
PostnummerCM1,CM2,CM3
Telefon-retningsnummer01245
Commons har multimedium som gjeld:Chelmsford

Chelmsford er administrasjonsbyen igrevskapetEssex iEngland. Byen ligg omkring 48 km nordaust forLondon, midtvegs mellom hovudstaden ogColchester. Chelmsford ligg nesten nøyaktig i midten av Essex, og det er antakeleg dette som er årsaka til at han er administrasjonsby sjølv om byen korkje er den største eller den eldste byen i grevskapet. Han er også administrasjonssenter fordistriktetChelmsford, som dekker eit større område.

Byen er sete forChelmsford bispedømme, som har Englands nest minstekatedral (ei kyrkje som blei oppgradert til katedral), og heimby forAnglia polytekniske universitet.

Distriktet har ca. 156 000 innbyggjarar (2001). Av dette bur omkring ein tredel i byen Chelmsford.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

I1199 sørgdebiskopen av London for at Chelmsford fekk ein kongeleg rett til å halde marknad; dermed fekk hanbystatus. Den eldste busettinga i området går mykje lenger tilbake; under forstaden Springfield har ein funne spor etter busetting fråbronsealderen. Byen var også tilhaldsstad forromarane, og restar etter eit tempel frå den tida er funne.

Sidan1800-talet har byen vore eit viktig industrisenter, og blant anna blei den fyrste elektroingeniørbedrifta iStorbritannia (1878) og den fyrstekulelagerfabrikken (1898) oppretta der. I 1898 blei også den fyrste radiofabrikken i verda opna i Chelmsford, avGuglielmo Marconi. Dei fyrste offentlege radiosendarane i Storbritannia blei sendt ut frå byen i1920, og i1922 blei dei fyrste underhaldningssendingane på radio sendt frå forskingssenteret til Marconi iWrittle utanfor byen.

Underandre verdskrigen blei Chelmsford angripe fleire gonger. Den verste enkelthendinga fann stad19. desember1944, da einV2-rakett trefte byen i nærleiken av Hoffmans kulelagerfabrikk. 39 blei drepne og 138 skada, mens fleire bygningar blei totaløydelagt og mange skada.

Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Chelmsford&oldid=2819273»
Kategori:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp