Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Château de Saint-Germain-en-Laye

Koordinatar:48°53′53″N2°05′47″E /48.89806°N 2.09639°E /48.89806; 2.09639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

48°53′53″N2°05′47″E /48.89806°N 2.09639°E /48.89806; 2.09639

Château de Saint-Germain-en-Laye

StadSaint-Germain-en-Laye,Saint-Germain-en-Laye
EigarLudvig VI av Frankrike
ArkitektPierre Chambiges
Stilgotisk arkitektur
Kart
Château de Saint-Germain-en-Laye
48°53′53″N2°05′47″E /48.898055555556°N 2.0963888888889°E /48.898055555556; 2.0963888888889

Château de Saint-Germain-en-Laye er eit kongeslott ikommunenSaint-Germain-en-Laye idépartementetYvelines, om lag 19 km vest forParis iFrankrike. I dag husar bygningen Musée d'Archéologie Nationale, det arkeologiske nasjonalmuseet.

Historie

[endre |endre wikiteksten]

Det første slottet på staden, kallaGrand Châtelet, vart bygd avLudvig VI kring 1122. Slottet vart utvida avLudvig IX av Frankrike i 1230-åra. Slottet vart sett i brann avden svarte prinsen i 1346. Slottet, no kallaChâteau Vieux vart gjenoppbygd avkong Karl V i 1360-åra, over det gamle fundamentet.

Dei eldste delane av det noverande slottet vart bygd opp avFrans I i 1539 og vart sidan utvida fleire gonger.

Ludvig XIV vart fødd i Saint-Germain-en-Laye i 1638. Ludvig XIV gav slottet til kongJakob II av England då han reiste i eksil frå Storbritannia etterden ærerike revolusjonen i 1688.

På 1800-talet opprettaNapoleon I utdanningssenteret for kavalerioffiserane sine der.Napoleon III fekk slottet restaurert frå 1862 og det vartMusée des Antiquités Nationales,det nasjonale antikvitetsmuseet.

I 1919 vartfreden i Saint-Germain-en-Laye, som enda krigen mellomdei allierte i fyrste verdskrigen ogAusterrike, signert på slottet.[1]

Under den tyske okkupasjonen (1940–1944) vart slottet nytta som hovudkvarteret til den tyske armeen i Frankrike.

Museet fekk namnetMusée d'Archéologie Nationale i 2005.[2]

Sainte-Chapelle.

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. "Austrian treaty signed in amity,"The New York Times, Sept. 11, 1919, s. 12.
  2. Ministerial decree no. 2005-698 of. juni 22, 2005[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld:Château de Saint-Germain-en-Laye
Autoritetsdata
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Château_de_Saint-Germain-en-Laye&oldid=3519708»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp