Ceuta er einspanskekslave iMarokko iNord-Afrika, på det nørdste punktet iMaghreb, vedmiddelhavskysten sør forGibraltarsundet. Han har eit areal på om lag 28]km². Namnet «Ceuta» kjem av det latinske namnet frå romartida,Septem Fratres ('sju brør').
Ceuta ligg på ein odde som forbindMonte Hacho, ein av dei tradisjonelle «Herkulessøylene», med fastlandet. Byen har ei godhamn med mykjeferjetrafikk med Spania.Fiske ogfiskeindustri,bryggjeri og verkstader er viktige verksemder. Ceuta er også eingarnisonsby. Ceuta er inngjerda og sterkt vakta for å hindraulovleg innvandring frå Afrika til Europa. Marokko gjer krav på byen, saman med dei andre spanske områdaMelilla ogfleire middelhavsøyar.
Opphavleg var Ceuta einfønikiskkoloni. Seinare tilhøyrde hanromarar,vandalar,bysantinarar,arabarar,portugisarar (1415–1580) og spanjolar (frå 1580). I mellomalderen var Ceuta ein viktig handelsby.