Ceredigion er eitgrevskap iWales. Det var tidlegare ein del avDyfed og var før det kjent somCardiganshire (walisiskSir Aberteifi). Det grensar motGwynedd,Powys,Carmarthenshire ogPembrokeshire og mot vest liggCardiganbukta. Namnet tyder «Landet tilCeredig», som viser til sonen tilCunedda, ein høvding som skal ha erobra store delar av Wales kring 400-talet.
Grevskapet vart oppretta 1. april 1996. Mellom 1974 og 1996 utgjorde det eitdistrikt iDyfed. Då det vart oppretta fekk det det tradisjonelle namnet Cardiganshire, men dette vart endra til det walisiske Ceredigion dagen etter.
Dei kambriske fjella dekker mykje av den austlege delen av Ceredigion, medan det i sør og vest er eit flatare landskap. Høgaste punkt erPlynlimon, omkring 757moh.. Fem elvar har utspring der:Severn,Wye,Dulas,Llyfnant ogRheidol. Den viktigaste elva erTeifi, som markerer grensa til Carmarthenshire og Pembrokeshire. Langs kystlinja er det fleire sandstrender.