Caster Semenya |

|
Statsborgarskap | Sør-Afrika |
Fødd | 7. januar1991 (34 år) Ga-Masehlong,Polokwane |
Idrett | friidrett,fotball |
Tok del i | Samveldelekene for ungdom 2008,Sommar-OL 2012,athletics at the 2015 African Games – women's 1500 metres,Friidrett under Sommar-OL 2016,Samveldeleikane 2018,VM i friidrett 2017 – 1500 meter kvinner,2018 IAAF Continental Cup – women's 400 metres,Kontinentalcupen i friidrett 2018 |
Utmerkingar | Ikhamanga-ordenen,OkayAfrica 100 Women |
Mokgadi Caster Semenya (fødd 7. januar 1991) er einsørafrikansk mellomdistanseløpar som spesialiserer seg på 800 meter og 1500 meter for kvinner. Caster Semenya er kjend for å ha blitt kjønnstesta avdet internasjonale friidrettsforbundet i 2009, noko som førte til debatt rundt kjønnstesting innan idretten.
Caster Semenya deltok i sitt fyrsteVM i friidrett i 2009 iBerlin. Her vann ho gull på 800 meter med tida 1.55,45. Tidlegare same året hadde ho vorte afrikansk juniormeister på både 800 meter og 1500 meter og dei nye tidene hennar var markert raskare enn ho hadde sprunge tidlegare. Etter desse to sigrane valdedet internasjonale friidrettsforbundet å gjennomføra ein kjønnstest på henne, noko som førte til sterke reaksjonar og ein ny debatt om kjønnstesting innan idretten. Caster Semenya fekk ikkje delta på tevlingar før resultata frå kjønnstesten var klåre, men i november 2009 vart det avgjort at ho fekk behalda premiane frå tevlingane i 2009.
For å verna om privatlivet hennar, vart ikkje resultata frå kjønnstesten til Caster Semenya offentleggjort. Men den 6. juli 2010 fekk Semenya igjen lov til å driva internasjonal toppidrett igjen. UnderVM i friidrett 2011 iDaegu tok ho sølvmedaljen på 800 meter.[1] Ho deltok også undersommar-OL 2012 iLondon, der ho var flaggberar for landet sitt. Her tok ho igjen sølvmedalje på 800 meter på tida 1:57,23. Både iDaegu og i London vart ho slått av russiskeMarija Savinova.[2][3]